60°14′30″N 5°49′57″E / 60.24167°N 5.83250°E / 60.24167; 5.83250

Holdhus kyrkje
kyrkje
Foto: Halvard Hatlen
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Bjørnafjorden
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Sokn i privat eige (Fortidsminneforeninga)
Type langkyrkje
Teknikk tømmer, stav
Material Tre
Innvigd 1306 eller 1726
 - Endringar utvida 1725, restaurert 1836 og 1905
Preikestol ja
Altartavle Oppstoda
Sitjeplassar 90[1]
Diverse rosemåling
Kart
Holdhus kyrkje
60°14′30″N 5°49′57″E / 60.24166667°N 5.8325°E / 60.24166667; 5.8325
Wikimedia Commons: Holdhus kirke

Holdhus kyrkje også kalla Holdhus gamle kyrkje[2] er ei langkyrkje frå 1306 i Hålandsdalen i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke. Kyrkja vart sterkt ombygd i 1725, påbygd i 1836 og omfattande restaurert 1905-1906.[3] Fortidsminneforeninga skriv at bygget er frå 1726 kort tid etter at stavkyrkja på staden vart riven.[4] Bygningssoga er til dels uklar, med bygningsdelar frå fleire periodar og kontinuiteten frå stavkyrkja første gong nemnt i 1306 til den noverande tømmerkyrkja er usikker.[5]

Inne i Holdhus kyrke
Skipet midt i kyrkjerommet
Madonnafiguren i kalkstein

Den noverande kyrkja er i lafta tømmer, våpenhuset er i stav. Det er berre ei gudsteneste årleg i denne mellomalderkyrkja, som har ei altertavle av Andreas Grønnig Stub frå 1839 med «Oppstoda». Den gamle altertavla frå 1590 var ei såkalla katekismetavle. Preikestolen er frå 1570, baldakinen over er frå 1850. Det er to kyrkjeklokker, dei er frå 1306 da kyrka var ny. Frå den tida er også ein madonnastatue i kalkstein. Heile kyrkjeskipet er rosemåla i romansk stil med søyler og rundbogar og dekorert med akantus og drueklasar.

Kyrkja gjekk ut av bruk som soknekyrkje (annekskyrkje i Fusa prestegjeld) i 1890. Den var tidlegare kjent som Hålandsdalen kyrkje. Fortidsminneforeningen eig kyrkja etter at foreininga i 1900 kjøpte den av gardbrukar Hans Holdhus, som hadde kjøpt den i 1893 for å hindre riving.[6] Om sommaren er det daglege omvisingar i kyrkja.

Kjelder endre

  1. Kyrkjebyggdatabasen om Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
  2. Kyrkjebyggdatabasen om Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
  3. Norges kirker Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
  4. Fortidsminneforeningen Arkivert 2014-03-22 ved Wayback Machine. Holdhus gamle kirke, lese 10. april 2013.
  5. Norges kirker Holdhus kyrkje, lese 10. april 2013.
  6. Fusa kommune Arkivert 2012-07-24 ved Wayback Machine. Holdhus kyrkje, 10. april 2013.

Bakgrunnsstoff endre