Holet er frå gamalt av nemninga på bygdesenteret i Austre Hol i Hol kommune i Buskerud. Namnet Hol er historisk knytt til denne staden, og holingane har frå gamalt av nytta omgrepet Nordi Hole` når dei talar om denne delen av kommunen.

Holet ligg langs Holsfjorden, og vert rekna frå Hagafoss og Hol kyrkje, nord til Kvammen. I bygdesenteret Hol ligg kommunehuset, Holet skule og Hol aldersheim. Hol gamle kyrkje, Tingstugu og Prestestugu er å finne ikkje langt frå kommunehuset.

Hol var opphavleg eit gardsnamn, knytt til ei norrøn nemning som tyder «liten bakke» (Hól). Det er ikkje godt å seie kvar denne garden låg, men han har truleg vore skild i gardane Nerol og Sindrol alt i tidleg historisk tid. Gardane Nerol og Søndrol finst den dag i dag. Namnet lever att i kommunenamnet og i nemninga Holet.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Buskerud å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.