Holla kyrkje er ei langkyrkje frå 1867 i Nome kommune i Telemark. Ho avløyste ei steinkyrkje frå mellomalderen.

Holla kyrkje
kyrkje
Holla kyrkje
Foto: Orf3us
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Øvre Telemark
Sokn Holla og Helgen
Fellesråd Nome
Type Langkyrkje
Arkitekt P. H. Holtermann
Teknikk Mur
Material Raud teglstein
Innvigd 25. september 1867
 - Endringar 1916, rest. 1930, 1967 og 1990-åra
Klokker 2, O. Olsen & Søn, 1867 og 1947
Kyrkjegard Ute av bruk
Preikestol 1867
Døypefont 1867
Altartavle Krusifiks
Orgel Gebrüder Stockmann, 2011
Sitjeplassar 600
Diverse 4 glasmåleri av Fiunn Krafft 1967
Kart
Holla kyrkje
59°16′50″N 9°15′47″E / 59.28049722°N 9.26298333°E / 59.28049722; 9.26298333
Wikimedia Commons: Holla kirke

Kyrkja har tårn i vest, og koret i aust er polygonalt avslutta. På kvar side er eit sakristi. Dåpssakristiet er frå 1916. Kyrkja vart restaurert i 1930 og til hundreårsjubileet i 1967. Ved siste høve var Finn Krafft fargekonsulent, og han laga m.a. glasmåleri med evangelistbilete til kyrkja.

Kyrkjegarden ved kyrkja er ute av bruk, men har framleis ei rekkje gravminne. Det er kyrkjegard ved Kronborg, lengre sør. Viadre søraust er prestegarden og den gamle kyrkjestaden.

Kjelder endre

  • Henriksveen, Herman, red. (1986). «Holla kirke». Kirker i Telemark. Stathelle: Flora forlag. s. 90-91. ISBN 82-90695-00-4. 
  • Kyrkjesøk

Bakgrunnsstoff endre