Hollandsk dverg[treng kjelde] er ein av dei aller minste hønserasane. Som namnet røper, kjen han frå Nederland, der rasen er skildra allereie i 1882. Det kan tenkast sjømenn brakte rasen til Nederland frå Ostindia på 1700-talet.

Hollandsk dverghhøne.
Hollandsk dverghhane.

Dei er bra verparar og hønene er dyktige til å ruge, men sidan dei er så små, får dei ikkje så mange egg om gongen. Dei er svært gode mødre og det er ikkje uvanleg at ei høne tar til seg kyllingar frå andre og blir fostermor.

Hollandsk dverg er nysgjerrige og er lette å temme. Rasen er svært kontaktsøkande og går gjerne bort til folk som kjem inn i hønsegarden. Rasen egnar seg først og fremst som kjæledyr. De er smidige, spretne, aktive og energiske. Dei er små og lette fuglar som flyg godt. Røktaren må ha tak over hønsegarden om han vil halde dei der. Når dei går fritt er dei flinke til å finne mat sjølve.

Liten rase - stor personlegheit endre

Hollandsk dverg kjem i fleire fargar, som kvit, svart, blå, blå randteikna, gjøkspetta, legbarfarga, gullhalsa, sølvhalsa, blå/gullhalsa, blå/sølvhalsa, sølvhalsa med oransje rygg og skulder, oransjehalsa, blå/oransjehalsa, laksefarga, kveitefarga og raudsadla.

Egga er kvite og veg om lag 30 gram. Høna er 425 gram, mens hanen er om lag 525 gram.