Holm of Scockness
Holm of Scockness er ei lita øy i Orknøyane i Skottland, mellom Rousay og Egilsay. Ho vert i dag hovudsakleg nytta som beitemark.
Namnet er av norrønt opphav og tyder «den vesle øya med det krokete neset».[1]
Geografi endre
Øya består av raud sandstein som naboøyane.[1] Øya har ei form som minnar om eit kart over India og «peikar» sørover.
I nord ligg Rousay Sound, og mellom øya og sjølve Rousay ligg Sound of Longstaing. Egilsay ligg på andre sida av Howie Sound. I søraust ligg Kili Holm og rett nord ligg austsida av Wyre.
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Holm of Scockness» frå Wikipedia på engelsk, den 14. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.