Holmenkollen ligg på toppen av Oslo, som inngangsport til Marka. Området vart teke i bruk som rekreasjonsområde for over 100 år sidan. Sommarstid er turgåing, fiske, sykling og kanopadling populære aktivitetar. Vinterstid er området ein ynda utfartsstad for folk i Oslo. I dag er Holmenkollen ein av Noregs mest kjende turistattraksjonar med over ein million vitjande kvart år.

Den nye Holmenkollbakken
Den gamle Holmenkollen hoppbakke om vinteren

Holmenkollbakken

endre
 
Tårnet i den gamle Holmenkollbakken
 
Utsikt frå den gamle Holmenkollbakken med Besserudtjernet

Holmenkollbakken vart opna i 1892 med ein bakkerekord på 21,5 meter, men er ombygd mange gonger sidan. Bakken var arena for det olympiske hopprennet i 1952 og VM i 1966 og i 1982. Bakkerekorden i den gamle bakken (2005) var 136 meter, og vart sett av Tommy Ingebrigtsen i NM-rennet 25. januar 2006. Bakkerekorden for kvinner hadde Anette Sagen med 131 meter, også sett i NM 25. januar 2006. Det gamle tårnet låg 60 meter over bakken og 417 meter over havet. Den gamle bakken hadde eit kritisk punkt på 115 meter (bakkestorleik 128 meter).

Bakken er eit kjent landemerke i Oslo, og han er også ein av dei mest kjende hoppbakkene i verda.

Det første hopprennet i Holmenkollbakken vart arrangert 31. januar 1892, med over 10 000 tilskodarar. Det første stillaset vart reist i 1914. Dåverande kronprins Olav deltok i Holmenkollrenna i 1922 og 1923. I 1946 kom over 100 000 tilskodarar til Fredsrennet for å hylle kong Haakon VII.

Det spesielle hopprennet under OL i Oslo i 1952 vart arrangert i Holmenkollen, og også då var det over 100 000 tilskodarar til stades. Holmenkollbakken var også arena for det spesielle hopprennet (stor bakke) i VM i 1966 og 1982.

Den gamle bakken var sist ombygd i 1992. Han vart så riven i 2008, og ein heilt by bakke vart bygd, og innvia 3. mars 2010.

Besserudtjernet

endre

I botnen av den gamle bakken låg om sommaren Besserudtjernet. Der hadde mellom anna show-rennet «Ta Sjansen» vorte arrangert. Om vinteren vart vatnet tappa ut, og botnen av tjernet er sletta i hoppbakken. I dag er det plass til om lag 50 000 tilskodarar i Holmenkollbakken.

Ny bakke

endre
 
Bygging av ny bakke er i gang, mars 2009.

25. mai 2006 vart VM i ski i 2011 tildelt Oslo og det blei bestemt at det skulle byggjast ein heilt ny bakke i Holmenkollen. Den gamle hoppbakken blei riven i 2008. K-punktet i den nye bakken er på 136 meter. Den nye bakken har eit permanent vindsegl som tek av 40 prosent av vinden for hopparane.

I tillegg er det bygd ein ny normalbakke i Midtstua og fem mindre bakkar. Langrennsstadion har blitt betra med større tribunar og ny innspurt. Både Staten og Oslo Kommune garanterte for utbygginga.

I 2004 og 2005 gjekk Skiforbundet inn for å bygge eit nytt hoppanlegg i Rødkleiva i Oslo. Planane var å byggje ein middels stor hoppbakke som etter kvart skulle byggast ut til ein stor skiflygingsbakke. Politikarane sa likevel nei til å støtte eit slikt prosjekt.

Bakkerekordar

endre

Utvalde bakkerekordar (kjelde: skisprungschanzen-archiv.de[daud lenkje]):

Skimuseet

endre

Skimuseet i Holmenkollen har sidan 1983 låge i fjellet ved sidan av hoppbakken. Skimuseet i Holmenkollen er det eldste museet for ski og skihistorisk utstyr i verda.

Holmenkollen kapell

endre

Holmenkollen kapell ligg like ved Holmenkollbakken. Kapellet vart bygt i 1903, og gjenoppbygt i 1996 etter ein påsett brann. Kapellet er ettertrakta for vigsler, og Kongefamilien har som tradisjon å feire jula med ei vitjing hit.

 
Holmenkollen kapell

Transport

endre
  • Bil: Køyr ring 3 og ta av ved Smestad, der det er skilta vidare til Holmenkollen.
  • T-bane: Linje 1 går frå sentrum til Holmenkollen.

Bakgrunnsstoff

endre