Holtet er ein av grunnkretsane i Oslo og er eit senter i den tidlegare bydelen Ekeberg-Bekkelaget, no innlemma i Bydel Nordstrand. Det vert rekna som sentrum i strøket Bekkelaget. Området er eit trafikknutepunkt, der Ekebergbanen kryssar Kongsveien, og der Kongsveien møter Ekebergveien og Raschs veg. Her ligg òg Bekkelaget skule samt Holtet vidaregåande skule. I området er det òg ein del verksemder, mellom anna dagligvarebutikkar med delikatessar, blomar, klede, jernvarer, elektrisk, kafé, storkiosk og gatekjøkken.

Holtet sett frå lufta. Kongsveien kjem opp frå byen i nedre venstre kant i biletet og slynger seg som ein S gjennom den sentrale busetnaden på Holtet før han møter Raschs veg som forsvinn opp i øvre kant i biletet og Ekebergveien som går vidare mot Nordstrand øvst i høgre kant i biletet.
Holtet «sentrum», der Ekebergbanen kryssar Kongsveien. Til høgre den gamle bevaringsverdige stasjonsbygninga.

Området har namnet sitt etter Holtet gard, som låg vest for dagens senter. Gardens våningshus er bygt i nybarokk/jugendstil, og står i Holtveien 9 . Huset vart frå 1924 nytta som direktørbustad for Ekebergbanen, og vert i dag brukt som eldresenter/grendehus.[1]

Lenger nord i området, nærare Brannfjell skule, ligg Holtet hageby, som faktisk ligg på grunn som har tilhøyrt Ekeberg og ikkje Holtet gard. Denne hagebyen består av 180 bustadar fordelt over 59 hus, bygde for Fagforeningenes Kooperative Bustad og Byggelag i 1925–31.[2]

Referansar endre

  1. Bekkelagshøgda Lokalhistoriske Forening om Holtet gård
  2. Husbanken: Holtet Hageby[daud lenkje]