Holy Island i Anglesey

Holy Island (walisisk Ynys Gybi) er ei øy på 39 km² på vestsida av Anglesey, nord i Wales. Mellom dei to øyane går eit smal, buktande sund. Øya vert kalla «Holy» på grunn av dei mange ståande steinane, gravkammera og andre religiøse stader på øya. Øya har kring 13 500 innbyggjarar.

Holy Island
Ynys Gybi
øy
Cyclist on the road leading to the Breakwater Country Park - geograph.org.uk - 1415832.jpg
Land Flag of Wales (1959–present).svg Wales
Fylke Anglesey
Del av Dei britiske øyane
Stad Irskesjøen
Areal 39,4 km²
Folketal 13 579 (2001)
Folketettleik 344,64 / km²

Holy Island i Anglesey
53°16′0″ N 4°37′0″ W
Wikimedia Commons: Holy Island, Anglesey
Holy Island i Anglesey i Wales

HistorieEndra

Irske sjørøvarar invaderte Anglesey etter at romarane trekte seg ut av Britannia. Cunedda starta først krigføring mot irane, men det vart til slutt Cadwallon Lawhir som slo irane på Holy Island.

NaturEndra

Det er fleire naturlege habitat på øya, som mudderflater, sanddyner, marskland og strender.[1] På vestsida av øya ligg Holyhead Mountain med det høgaste punktet i grevskapet på 220 meter over havet.

TransportEndra

Holy Island har to vegsamband til Anglesey. Den eine er ei fylling som ber både veg og jernbanelinje, og den andre er over ei vegbru.

Den største byen på øya er hamnebyen Holyhead, og frå her går det passasjerbåtar til Dún Laoghaire og Dublin i Irland.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra