Honey Ltd. var ei jentegruppe i 1960-åra som bestod av systrene Alexandra og Joan Sliwin, Laura Polkinghorne og Marsha Temmer.

Honey Ltd.
OpphavDetroit i USA
Aktiv1968-1970
SjangerPop, ambient, nypsykedelisk
PlateselskapLHI Records

Bakgrunn

endre

Gruppa byrja å synge i lag ved Wayne State University. Dei danna Mama Cats og byrja å synge på lokale stader med andre Detroit-musiakrar som Bob Seger, Glenn Frey og Suzy Quatro. Gruppa flytta til Los Angeles der dei prøvespelte for produsenten Lee Hazlewood som signerte dei og tok dei med i studio for å spele inn musikk med Wrecking Crew. Han gav dei seinare namnet Honey Ltd.[1]

Karriere

endre

Gruppa hadde ikkje nokon kommersiell suksess og gav berre ut eitt album. Versjonen deira av Laura Nyro sin «Eli's Comin'»[2] hamna i skuggen av versjonen til Three Dog Night, som kom få månader seinare. I 1969 vart geuppa med Bob Hope på ein turné og drog til Thailand og Vietnam for å spele for soldatane der. Dei spelte på The Ed Sullivan Show, The Joey Bishop Show, Kraft Music Hall, The Jerry Lewis Show, The Andy Williams Show, Operation: Entertainment og The Bob Hope Christmas Special: Around the World with the USO.[3][4]

I 1970 hadde Alexandra Sliwin slutta i bandet fo rå gifte seg med J D Souther. Bandet fortsette som ein trio og endra namn til Eve. Den nye gruppa gav ut eit nytt albumm, men det selde dårleg og dei mista kontrakten med LHI. Dei gav seg kort tid etter dette og medlemmane gjekk kvar for seg.

Laura Creamer (fødd Polkinghorne) er ein låtskrivar, songar og arrangør som har spelt inn og/eller turnert med Billy Joel, Bob Seger, Van Morrison, Glenn Frey, Bruce Hornsby, Kid Rock, Eric Clapton og mange andre. Alex Sliwin, Joan Sliwin og Marsha Temmer spelte i den kortvarige gruppa Bijou med tidlegare Association-medlemmane Jules Alexander og Russ Giguere, og skreiv og spelte med Loretta Lynn og andre. Marsha Temmer Darigan hadde ein periode som korsongar og dansar for Tina Turner.

Diskografi

endre

Studioalbum

endre
  • 1968: Honey Ltd. (LHI-12002)
  • 1970: Take It And Smile (som Eve) (LHI-3100)

Samleplater

endre

Singlar

endre

Filmmusikk

endre

Kjelder

endre
  1. Perfect Sound Forever magazine (March 2005): «Loud Harmonic Transcendence - The Honey Ltd. Story", by Jonathan Ward
  2. Youtube: Honey Ltd. - «Eli's Coming"
  3. imdb.com: List of Honey Ltd. television show appearances
  4. Bio info from Like Honey website., arkivert frå originalen 2. november 2013, henta 28. august 2014 

Bakgrunnsstoff

endre