Opna hovudmenyen
Honey Pie
Song av The Beatles
frå albumet The Beatles
Utgjeve 22. november 1968
Innspelt 1. oktober 1968
Sjanger
Lengd 2:41
Selskap Apple Records
Låtskrivar(ar) Lennon–McCartney
Produsent George Martin

«Honey Pie» er ein song av The Beatles frå dobbeltalbumet deira The Beatles (White Album) frå 1968. Han er skriven av Paul McCartney, men på vanleg vis tilskriven Lennon/McCartney. Produsent er George Martin.

Trass i at tittelen er lik, har songen ingenting å gjere med songen «Wild Honey Pie» frå same album.

Songen er ei direkte hyllest til britisk music-hall-musikk, slik rockegruppa Slade gjorde i songen «Find Yourself a Rainbow», og teksten handlar om ei kjend skodespelarinne, kjend som den hyperkarismatiske Honey Pie og elskaren hennar som ønskjer at ho skal kome til han i England. Føresetnaden, at ein beskjeden kjæraste ber for at hans kjæraste skal kome tilbake, er ofte typiske for songtekstar frå tidlegare popsongar nytta i musikkhallane. For å skape illusjonen av gammal, nostalgisk song er det lagt på skrapingar frå ei 78-tommarsplate i opninga.

McCartney skreiv songen for den framtidige hustrua hans, Linda Eastman, som representerer Honey Pie-figuren. McCartney spurte òg om Eastman, som hadde suksess i USA som fotograf, om å Sail across the Atlantic / To be where you belong og kome til han i England.

Charles MansonEndra

Charles Manson hadde ei anna feilaktig tolking, som han hadde med fleire av songane på albumet, om at teksten tydde at The Beatles ville at han skulle kome til England slik at ein rasekrig kunne starte i USA. Sjå òg «Piggies».

Andre versjonarEndra

I 1977 lagde John Pizzarelli ein versjon av songen for albumet Our Love is Here to Stay. Denne versjonen hadde eit arrangement for storband ved Don Sebesky som tydeleg demonstrerer røtene til songen.

Den kanskje mest merkelege framføringa var med Dom De Luise i spelefilmen Sextette frå 1978, som omfatta ei komisk steppdansing på eit piano.

Øystein Sunde har laga ein norsk versjon av songen kalla «Honningblomst». Den finst på hans LP-plate 1001 fnatt (CBS S-64183) (1970). Produsent var Mikkel Aas.

Songen er òg blitt spelt av Alan Klein (1969), Barbra Streisand, The King's Singers, Don Partridge,[1] The Golden Gate Quartet, Tuck & Patti, The Pixies og John Pizzarelli.

MedverkandeEndra

Andre
  • Harry Klein – saksofon
  • Dennis Walton – saksofon
  • Ronald Chamberlain – saksofon
  • Jim Chester – saksofon
  • Rex Morris – saksofon
  • Raymond Newman – klarinett
  • David Smith – klarinett

KjelderEndra

  1. Album: Don Partridge & Friends, Sonogram Records EFG 7344 (1973)