Honoratus Bonnevie
Honoratus Bonnevie (15. juni 1797–27. mars 1848) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Han var far til Jacob Aall Bonnevie.
Honoratus Bonnevie | |
Fødd | 15. juni 1797 Landvik |
Død |
27. mars 1848 (50 år) |
Yrke | politikar |
Bonnevie var fødd i Landvik, far hans var sorenskrivar. Sjølv vart han student i 1814 og cand. jur. i 1820. Han hadde i åra etter ei rekke stillingar og ombod, mellom anna som sekretær i lovkomiteen 1820-39, notarius ved det juridiske fakultetet og universitetssekretær. Frå 1829 var han ekspedisjonssjef i undervisningsdepartementet. I 1840 vart han borgarmeister i Trondheim.
Bonnevie representerte Trondheim og Levanger på Stortinget i 1845 og i 1848. Begge gongane var han medlem av Lagtinget. I 1845 var han elles medlem av kyrkjekomite nr 2 og av riksretten mot Jørgen Herman Vogt. I 1848 var han formann i bankkomiteen. Han døydde under stortingsopphaldet i Kristiania i 1848.
KjelderEndra
- Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Honoratus Bonnevie NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv