Hookerøya (russisk остров Гукера; Ostrov Gukera) er ei av dei viktigaste øyane i Frans Josefs land i Russland. Ho ligg sentralt i øygruppa ved 80°13′46″N 53°01′05″E / 80.2294444°N 53.0180556°E / 80.2294444; 53.0180556 og er ein del av Arkhangelsk oblast.

Hookerøya
øy
Land  Russland
Del av Frans Josefs land
Areal 508 km²
Folketal 0
Kart
Hookerøya
80°14′00″N 53°02′00″E / 80.233333333333°N 53.033333333333°E / 80.233333333333; 53.033333333333
Wikimedia Commons: Hooker Island
Plasseringa til Hookerøya i Frans Josefs land

Det høgaste punktet på øya er 576 meter over havet.

Nordvest på øya ligg Kapp Alberta Markgama, kalla opp etter Sir Albert Hastings Markham, i nordaust ligg Kapp Ljuis Pul, i vest ligg Kapp Dandy og i sørvest ligg Kapp Ugolnij. Det sørlegaste neset heiter Kapp Sesil Kharmswort.

På vestsida av Hookerøya er det ei bukt i eit isfritt område kalla Tikhajabukta. Her held ein stor fuglekoloni til ved Skala Rubini (Скала Рубини, Rubiniklippa, 80°18′N 52°50′E / 80.300°N 52.833°E / 80.300; 52.833, ein spektakulær klippeformasjon på Hookerøya.

Det renn ei elv i det isfrie området av øya kalla Helenaelva.

Hookerøya er kalla opp etter den britiske naturalisten sir Joseph Dalton Hooker som reiste med James Clark Ross sin ekspedisjonar på skipa «Erebus» og «Terror» til Antarktis i 1839.

Det er funne restar av ein plesiosaur (Peloneustes philarchus) på Hookerøya. Ein har òg funne gevir frå reinsdyr, som tyder på at dei beita her opp til om lag 1300 år sidan i ein periode med varmare klima.

Historie endre

Tikhajabukta var ein stor base for mange polekspedisjonar det låg ein vêrstasjon her frå 1929 til 1963. Det er ei anna bukt sør på øya kalla Zaliv Makarova og ei anna i aust kalla Ledn. Elenij.

Øya vart vitja av luftskipet Graf Zeppelin i juli 1931 under eit karleggingstokt frå lufta. Frå 1941 til 1945 under den andre verdskrigen var mannskapet på øya stranda her. I dag står to moderne bygningar og ein gravplass på øya.

Nærliggande øyar endre

  • Ostrov Li-Smita (Остров Ли-Смита), Leigh-Smith-øya ligg aust for Hookerøya, og mellom dei ligg det 6 km breie Smithsundet. Ho er 14 km lang og opp mot 6,5 km brei. Det høgaste punktet på øya er 309 meter over havet og ho er stort sett dekt av is, bortsett frå eit lite område i nord og rundt Mys Bitterburga, det sørlegaste neset. Øya er kalla opp etter den britiske seglaren og utforskaren Benjamin Leigh Smith.
  • Vest for nordenden av Leigh-Smith-øya, utanfor nordaustkysten av Hookerøya, ligg ei mindre øy kalla Royal Society Island (Остров Королевского Обшчества), kalla opp etter Royal Geographical Society 80°16′N 53°44′E / 80.267°N 53.733°E / 80.267; 53.733. Ho er 6 km lang og 2,5 km brei på det breiaste.
  • Ostrov Skott-Kyelti (Остров Скотт-Келти), Scott-Keltie-øya ligg utanfor Tikhajabukta og er 64 meter på det høgaste. Ho ligg nordvest for Hookerøya. Øya er kalla opp etter sir John Scott Keltie (1840-1927), ein skotsk geograf.
  • Ostrov Iton (Остров Итон), Eatonøya, er ei lita, 3 km lang øya som ligg 10 km vest for Scott-Keltie-øya. Ho vert òg omtalt som Ostrov Itol på mange russiske kart. Ho er kalla opp etter den britiske vitskapsmannen Alfred Edvin Eaton (1844-1929), som studerte det arktiske plante- og dyrelivet mellom Svalbard og Kerguelen.
  • Ostrov Njutona (Остров Ньютона), Newtonøya, er ei lita øy 11 km sør for Hookerøya. Ho er kalla opp etter Isaac Newton.
  • Ostrov Mej (Остров Мей), Mayøya, er ei øy 5 km sørvest for Hookerøya.
  • Ostrova Eteridzj (Острова Этеридж), Etheridgeøya, er ei to små øyar km vest for Mayøya. Desse øyane er kalla opp etter den amerikanske vitskapsmannen Richard Emmett Etheridge som studerte paleontologi på kysten av Arktis under den britiske ekspedisjonen leia av kaptein George Nares.

Kjelder endre