Horg kyrkje

kyrkje i Melhus kommune

Horg kyrkje er ei krosskyrkje i Melhus kommune i Trøndelag.

Horg kyrkje
Horg kirke
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Gauldal
Sokn Horg
Fellesråd Melhus
Type Krosskyrkje
Arkitekt Carl Julius Bergstrøm
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 22. november 1893
 - Endringar Rest. ca. 1965
Klokker 2: 1766 (Henrik Aunum) og 1798 (Arent Hedemark)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Even Skjegstad, 1893
Døypefont Even Skjegstad, 1893 (rest. 2007)
Altartavle Ole Olesen Bildschnider, 1662
Orgel Bruno Christensen, 1989
Sitjeplassar 700
Diverse Epitafium frå 1679
Kart
Horg kyrkje
63°08′13″N 10°15′26″E / 63.1369°N 10.2572°E / 63.1369; 10.2572
Wikimedia Commons: Horg kirke
Altartavla i Horg kyrkje
Foto: Kirkenorge.no

Kyrkja vart oppført i 1890–93 og innvigd 22. november 1893. Den førre kyrkja på staden — ei av dei ti Y-kyrkjene som er oppført her i landet — vart ståande ei lita stund ved sida av den nye kyrkja før ho vart riven våren 1894.

Då Horg kyrkje var ny, fekk ho nytt inventar i nygotisk stil. Sidan har ho vorte restaurert, og ein har teke i bruk den gamle altartavla i barokk stil. Preikestolen frå gamlekyrkjene er i Vitskapsmuseet i Trondheim.

Bårehuset på kyrkjegarden er frå 1974.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 
Y-kyrkja frå 1670 stod ei lita stund ved sida av dagens kyrkje før ho vart riven.
Foto: Erik Olsen/NTNU UB