Horizon av Carpenters

Horizon
Studioalbum av The Carpenters
Språk engelsk
Utgjeve Juni 1975
Innspelt 1975
Sjanger Pop, easy listening, adult contemporary
Lengd 36:13
Selskap A&M
Produsent Richard Carpenter/Associate Produsent - Karen Carpenter
The Carpenters-kronologi 
Live in Japan
(1973)
Horizon A Kind of Hush
(1976)


Horizon er eit studioalbum av den amerikanske popduoen Carpenters. Det var det sjette albumet deira på rad som selde til platinaalbum i USA. Det vart spelt inn ved A&M Records og Carpenters brukte mange timar på å eksperimentere med nye lydar, teknikkar og effektar.[1]

Etter fem album på rad som nådde topp 5 i USA, nådde Horizon berre 13. plass. Albumet selde likevel til platina i USA for ein million eksemplar. Det vart ein stor suksess i Storbritannia og Japan, og toppa listen og vart eit av dei bestseljande albuma i 1975 i dei landa. Horizon nådde òg tredjeplassen i New Zealand, fjerdeplassen i Canada og femteplassen i Noreg.

Oversyn

endre

Den første singelen på albumet, «Please Mr. Postman» (gjeve ut sju månader tidlegare), vart den største hitsingelen frå albumet og den største hitten til Carpenters på verdsbasis. Han nådde toppen av singellistene i USA, Australia, New Zealand, Canada og Sør-Afrika og andreplassen i Storbritannia og Irland.[2] På denne songen spelar Karen Carpenter trommer og Tony Peluso gitarsolo. Den neste singelen, «Only Yesterday», vart òg ein stor suksess og nådde andreplassen i Canada og Frankrike, fjerdeplassen i USA, femteplassen i Irland, sjuandeplassen i Storbritannia og tiandeplassen i New Zealand og selde til gullplate i Japan. Songen vann òg den gjeve Grand Prix-prisen i Japan.[3] Ein tredje singel, «Solitaire», nådde 15. plassen i USA og topp 40 i fleire andre land.

«Desperado» var opphavleg ein song av The Eagles frå 1973 frå albumet med same namn. Fleire andre har spelt inn denne songen, som Linda Ronstadt, Bonnie Raitt og Kenny Rogers. Sidan songen alt var velkjent, valde A&M å ikkje gje denne ut som singel. Ein annan song, «I Can Dream, Can't I», var ei tolking av hitten til Andrews Sisters frå 1949. Karen og Richard Carpenter hyrte inn Billy May, som hadde arbeidd med artistar som Frank Sinatra og Nat King Cole, til å orkestrere songen. Songen har med Billy May Orchestra. John Bahler syng i koret på denne songen.

Mottaking

endre
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [4]
Rolling Stone(positiv)[5]
The Rolling Stone Album Guide     [6]

Rolling Stone-skribenten Stephen Holden likte Horizon og kalla det «the Carpenters sitt mest sofistikerte album så langt.»[5] AllMusic gav albumet heller dårleg kritikk, men meinte produksjonen var god.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Aurora»Richard Carpenter, John Bettis1:32
2.«Only Yesterday»Carpenter, Bettis4:11
3.«Desperado»Don Henley, Glenn Frey3:38
4.«Please Mr. Postman»Georgia Dobbins, William Garrett, Freddie Gorman, Brian Holland, Robert Bateman2:53
5.«I Can Dream, Can't I?»Sammy Fain, Irving Kahal4:59
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Solitaire»Neil Sedaka, Phil Cody4:40
7.«Happy»Tony Peluso, Diane Rubin, Bettis3:51
8.«(I'm Caught Between) Goodbye and I Love You»Carpenter, Bettis4:06
9.«Love Me for What I Am»Palma Pascale, Bettis3:30
10.«Eventide»Carpenter, Bettis1:33

Lister

endre

Vekeslister

endre
Liste (1975) Plassering
Australian Kent Music Report Album Chart[7] 21
Canadian RPM Album Chart[8] 4
Japanske Oricon albumliste[9] 1
New Zealand[10] 3
Noreg - VG-lista[11] 5
UK Album Chart[12] 1
USA Billboard Pop Album[13] 13
West German Media Control Album Chart[14] 42

Årslister

endre
Liste (1975) Plassering
Australian Album Chart[7] 78
Canadian Album Chart[15] 40
Japan[16] 8
UK Album Chart[17] 4

Kjelder

endre
  1. Carpenter, Richard: «Yesterday Once More: Memories of the Carpenters and Their Music", page 87. Tiny Ripple Books, 2000
  2. http://leadsister.com/?page_id=725
  3. Carpenters Decade back cover; sold through the original fan club
  4. Eder, Bruce. Horizon av CarpentersAllmusic. Henta 2012-03-03.
  5. 5,0 5,1 Holden, Stephen (28. august 1975). «Music Reviews : Horizon by the Carpenters». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 26. juli 2008. Henta 17. august 2011. 
  6. Brackett, Nathan; Christian Hoard (2004). The Rolling Stone Album Guide. New York City, New York: Simon and Schuster. s. 140. ISBN 0-7432-0169-8. 
  7. 7,0 7,1 Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6. 
  8. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». RPM. Henta 3. mars 2012. 
  9. a-カーペンターズ «Yamachan Land (Japanese Chart Archives) - Album Chart Daijiten - Carpenters» Check |url= value (hjelp) (på japansk). Original Confidence. Henta 7. februar 2015. [daud lenkje]
  10. «charts.org.nz Carpenters - Horizon». Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. Arkivert frå originalen (ASP) 21. mars 2015. Henta 7. februar 2015. 
  11. «norwegiancharts.com Carpenters - Horizon» (ASP). Henta 7. februar 2015. 
  12. «Chart Stats – Carpenters – Horizon» (PHP). UK Album Chart. Henta 7. februar 2015. 
  13. Allmusic Carpenters > Horizon > Charts & Awards > Billboard Album
  14. «Album Search: Carpenters – Horizon» (på tysk). Media Control. Henta 7. februar 2015. 
  15. «RPM Top 100 Album of 1975». RPM. Henta 7. februar 2015. 
  16. «Japanese Year-End Album Chart of 1975» (på japansk). Oricon. Arkivert frå originalen 4. november 2014. Henta 7. februar 2015. 
  17. «Complete UK Year-End Album Charts». Arkivert frå originalen 19. mai 2012. Henta 3. mars 2011.