Hornindal kyrkje
Hornindal kyrkje står på Kyrkhorne nordom Grodås sentrum i tidlegare Hornindal kommune (no Volda i Møre og Romsdal), og er ei tømra langkyrkje frå 1853.
Hornindal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Møre | ||
Prosti | Søre Sunnmøre | ||
Sokn | Hornindal | ||
Fellesråd | Volda | ||
Stad | Foto: kirkenorge.no | ||
Type | Langkyrkje | ||
Arkitekt | Ludolph Rolfsen[1] | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 30. november 1856[1] | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Sitjeplassar | 400[1] | ||
Hornindal kyrkje 61°58′26″N 6°31′19″E / 61.9738536°N 6.5219669°E | |||
Wikimedia Commons: Hornindal kyrkje |
Arkitekt for kyrkja, som har sitjeplassar til 400 personar, var kaptein Ludolph Rolfsen frå Stryn. Han støtte seg til typeteikning laga av arkitekt Hans Ditlev Franciscus von Linstow.[1] Mykje av inventaret er frå byggeåret.[1]
Kyrkja er soknekyrkje i Hornindal sokn i Søre Sunnmøre prosti. Området høyrde fram til 1867 under Eid prestegjeld.[2]
Altartavla
endreDå kyrkja i Hornindal stod ferdig i 1856, vart det sett opp eit gylt trekors på altaret i påvente av altartavle. 75 år seinare var det ennå ikkje kome altartavle. I 1929 tok presten og prestefrua, Jon og Alhede Johnson, tak i saka. Prestefrua skipa Jentelag til kyrkja sin prydnad, og presten tok kontakt med kunstnaren Dagfin Werenskiold. Han hadde nyleg laga eit trerelieff som presten ville kopiere, og det fekk han.
Våren 1932 var Johnson ferdig med arbeidet sitt. Wernskiold kom til Hornindal for å ta seg av målinga av relieffen, men kunstnaren vart så imponert av det han fekk sjå at han tilbaud Hornindal originalen mot at han fekk kopien. Kopien vart seinare sett opp i Sørkedalen kyrkje.
Altartavla vart vigsla søndag 10. april 1932.[3]
Andre kyrkjer i Volda
endreSjå òg
endreFotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Hornindal kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane». Vitja 24. januar 2009
- ↑ ««Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket». Vitja 24. januar 2009
- ↑ Kleppa, Hermund (2008) Altartavla i Hornindal kyrkje. (cc-by-sa) Kulturhistorisk leksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Bakgrunnsstoff
endre- Om Hornindal sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
- Kart frå 1979 som viser kyrkjestader og soknegrenser, på nettstaden til Universitetet i Bergen
- «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- Eldre fotografi av Hornindal kyrkje på nettstaden til Nasjonalbiblioteket
- Skanna kyrkjebøker frå Sogn og Fjordane på nettstaden til Arkivverket
- Oversyn over gravminne i Hornindal kommune på nettstaden disnorge.no
- Hornindal kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren