Horsh Ehden naturreservat
Horsh Ehden er eit naturreservat som ligg i Nord-Libanon og består av restar av skogen av libanonseder, som er viktig for kultur- og naturarva til landet. Det ligg i nordvestsida av Libanonfjella omgjeve av tåke og relativt mykje nedbør. Fleire sjeldne og endemiske planter veks her. Sedertrea står ved sidan av ein blandingsskog av einer, furu og dei siste verna områda i landet med ville epletre. Av dyr i skogen finn ein keisarørn, haukørn, gråulv og villkatt. Reservatet ligg i vakre dalar og kløfter med ville orkidéar, lysefarga salamanderar, sopp og anna plante- og dyreliv.
Horsh Ehden naturreservat | |||
verneområde | |||
Horsh Ehden naturreservat
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
By | Ehden | ||
Koordinatar | |||
Grunnlagd | 9. mars 1992[1] | ||
Styre | Horsh Ehden naturreservat, libanesisk miljøvernsdepartement | ||
![]() Horsh Ehden naturreservat | |||
Wikimedia Commons: Horsh Ehden Nature Reserve | |||
Reservatet er eit populært turområde.
NaturhistorieEndra
Biologisk mangfaldEndra
Horsh Ehden naturreservat har eit rikt biologisk mangfald. Det er registrert over 1 058 plantartar i reservatet, som utgjer kring 40% av alle planteartane i Libanon, sjølv om området berre dekker mindre enn 0,1% av landet. 212 av plantene er sjeldne, og 126 er rekna som truga. 115 av planteartane er endemiske for Libanon, og 10 er endemiske for Horsh Ehden.
Horsh Ehden naturreservat har òg eit rikt fugle- og dyreliv.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Horsh Ehden natural reserve» frå Wikipedia på engelsk, den 15. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Horsh Ehden: About the Reserve». Nature reserve virtual tours. Association of tarvel and tourist agents i Libanon. Arkivert frå originalen 19. august 2014. Henta 10. september 2013.