Hosebandordenen (engelsk The Most Noble Order of the Garter) er ein engelsk riddarorden oppretta av kong Edvard III av England i 1344 eller 1348.[1] Ordenen omfattar den britiske monarken og tronarvingen, opptil 24 spesielt utvalde medlemmar og andre medlemmar frå den britiske og frå utanlandske kongefamiliar.

Dronning Elizabeth II av Storbritannia saman med den amerikanske presidenten George W. Bush i 2007. Monarken ber den åttekanta bryststjerna i sølv og eit breitt, blått band med ein medaljong som viser St. Georg og draken.

Ordenen rangerer som nummer tre av alle britiske utmerkingar, etter Victoriakrossen og Georgskrossen, og er rekna som «krona» i det britiske systemet av ærestilvisingar. Hosebandordenen er i dag den eldste nasjonale ordenen i Europa som har vore i bruk utan avbrot sidan mellomalderen.

Ordenen høyrer spesifikt til England. Tistelordenen høyrer til Skottland og St. Patricksordenen høyrer til Irland, men denne vert ikkje lenger tildelt.

Historie endre

Kong Edvard III grunnla Hosebandordenen som «eit samfunn, fellesskap og kollegium av riddarar».

Ein reknar med at ordenen vart stifta i 1348, men ulike datoar frå 1344 til 1351 har også vorte lagt fram. Rekneskapen som følgde garderoben til kongen viser at det å ha på seg hoseband starta i 1348.

Ein har tillete kvinner som medlemmar av ordenen sidan 1987.[1]

Medlemmar og nemningar endre

 
Nokre av riddarane i 2006 under den årlege ordensseremonien i St George's Chapel ved Windsor Castle. Riddarane er iført ordensdrakt: ei mørk blå fløyelskappe med kvite silkebremmar og skarlagenrød kapusjong, og dessutan svart barett med kvit fjørbusk. På brystet vert ordensteiknet bore og om halsen St. Georg-medaljongen

I tillegg til den britiske monarken og tronarvingen har ordenen opptil 24 andre medlemmar valde ut av monarken for tenestene sine.[2] Desse har tittelen Knight Companion eller Lady Companion. I tillegg til desse kan medlemmar av det britiske kongehuset vera ekstramedlemmar som Royal Knights/Ladies Companion medan utanlandske kongelege kan vera Stranger eller Extra Knights/Ladies Companion.[1]

Ordensteikn endre

 
Ordensteiknet er eit blått strømpeband med devisen Honi soit qui mal y pensa

Ordensteiknet eller emblemet er eit blått, gullkanta hoseband (strømpeband) av fløyel og med gullspenne og dessutan mottoet Honi soit qui mal y pense, på norsk «Skam få den som tenkjer ille om det», opphavleg eit gammalt fransk ordspråk. Ifølgje ein utbreidd anekdote skal ordenen ha vorte innstifta då Edvard III si elskarinne, grevinne Alice av Salisbury, mista strømpebandet sitt under ein fest, og kongen redda den pinlege situasjonen ved å plukka opp bandet med orda «honi soit qui mal y pense» og løfta om å gjera det til det mest ærefulle nokon kunne bera.

Hosebandet vert bore av medlemmane til ordenen ved seremonielle høve. Medlemmane kan bera ei åttekanta bryststjerne i sølv og eit breitt, blått band med ein medaljong som viser St. Georg og dragen, eller dei kan iførast full ordensdrakt med mørk blå fløyelskappe med kvite silkebremmar og skarlagensraud kapusjong, og dessutan svart barett med kvit fjørbusk. Ordensteiknet vert då bore på venstre bryst og St. Georgs-medaljongen om halsen.

 
Kong Haakon VII vert innsett som riddar av Hosebåndsordenen i Windsor Castle i november 1906. Måleri av Sydney Prior Hall.

Norske hosebandriddarar endre

Sidan unionoppløysinga har alle regjerande norske monarkar vore utnemnd til medlem av ordenen. Kong Haakon VII vart utnemnd i 1906, som riddar nummer 833. I 1959 vart kong Olav V riddar nummer 923. Kong Harald V vart utnemnd til riddar av Hosebandordenen i 2001, og vart med det riddar nummer 990 i rekkja.[3]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Skaare, Kolbjørn; Bratberg, Terje; Arntzen, Jon Gunnar (22. januar 2023). «Hosebåndsordenen». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «The Order of the Garter». The Royal Family. Henta 13. mai 2023. 
  3. «List of the Knights of the Garter». 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hosebandordenen