Hosni Mubarak

egyptisk politikar

Muhammad Hosni Sayyid Mubarak (4. mai 192825. februar 2020) var ein egyptisk politikar og offiser som var president i Egypt frå 1981 til 2011. Hosni Mubarak etterfølgde Anwar Sadat då han vart drepen i 1981.

Hosni Mubarak
حسنى مبارك

Hosni Mubarak taler under Verdas økonomiske forum i Sharm-el-Sheikh i 2008.
Fødd4. mai 1928
Kafr el-Muṣīlḥa
Død25. februar 2020 (91 år)
Statsborgar avKongedømmet Egypt, Republikken Egypt, Den sameinte arabiske republikken, Egypt
Yrkepolitikar, flygar, militær
Utdanna vedEgypts militærakademi
Militærakademiet ved generalstaben for Russlands væpnede styrker
Supreme Military Institute of the Armed Forces of the Kyrgyz Republic
M.V. Frunzes millitærakademi
EktefelleSuzanne Mubarak
BarnAlaa Mubarak, Gamal Mubarak
VervPresident i Egypt
FøregangarAnwar Sadat
EtterfylgjarMohamed Hussein Tantawi (fungerande)
Mohamed Morsi
Alle verv
  • Egypts president (1981–2011) Sjå dette på Wikidata

Karriere endre

Mubarak vart fødd i Kafr-el-Meselha i Al Minufiyah-provinsen. Han hadde ein bachelorgrad i militærvitskap og bachelorgrad i flygingsvitskap. Han var offiser i det egyptiske flyvåpenet, og jobba seg oppover i gradene til han var ein av dei øvstkommanderande for flyvåpenet i Egypt. I 1975 vart han utnemnd til visepresident av Anwar Sadat, og hadde stillinga fram til mordet på Sadat 6. oktober 1981.

I 1991 var Egypt under Mubarak sterkt involvert i Golfkrigen på sida til SN. I 2003 stilte han seg kritisk til krigen imot Irak, fordi han meinte at den israelsk-palestinske konflikten burde løysast fyrst.

Uro i Egypt endre

Den 7. september 2005 vann Mubarak det fyrste presidentvalet i Egypt der fleire kandidatar fekk stilla til val. Ifylgje Aftenposten gjorde valet presidenten uroleg, og han stramma difor inn i den politiske fridomen i Egypt. Under parlamentsvalet i 2010 vann Det nasjonaldemokratiske partiet, partiet til presidenten, men få egyptarar såg på dette valet som fritt. Dette var ein av grunnane til at Den egyptiske revolusjonen i 2011 braut ut i januar 2011, med store opptøyer blant egyptarane.[1] Etter store protestar i fleire veker gjekk Mubarak av som president 11. februar 2011 og overlet makta til det øvste militærrådet.

Familie endre

Hosni Mubarak var gift med Suzanne, fødd Thabet, og dei hadde sønene Alaa og Gamal saman.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hosni Mubarak