Hospitalskyrkja

kyrkje i Trondheim
(Omdirigert frå Hospitalskyrkja i Trondheim)

Koordinatar: 63°25′50″N 10°23′4″E

Hospitalskyrkja også kjent som Hospitalskirken er ei kyrkje i Trondheim. Kyrkja har alltid høyrt til Trondhjems Hospital. Den vart oppført i 1705 og erstatta ei mellomalderkyrke på same stad. Den er den første av dei omkring 60 oktogonale kyrkjene i Noreg (dei fleste i tømmer som Hospitalskyrkja). Bygget er teikna av Johan Christopher Hempel som mellom anna òg stod for Bakke kyrkje på Møllenberg.

Hospitalskyrkja
Hospitalskirken
Hospitalskirken Trondheim.jpg
Foto: Mahlum
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nidaros
Prosti Nidaros domprosti
Fellesråd Trondheim
Stad Hospitalsløkka, Trondheim
Type åttekantkyrkje
Periode barokk
Arkitekt J.C. Hempel
Teknikk tømmer
Material Tre
Innvigd 1705/1706
Kyrkjegard ved kyrkja
Wikimedia Commons: Hospitalskirken

Hospitalskyrkja var truleg modell for Norddal kyrkje på Sunnmøre etter at byggmeisteren for Norddal kyrkje i «nærleiken» av Trondheim fann ei kyrkje han likte.[1]

KjelderEndra

  • Rolf Grankvist (red.). Nidaros Kirkes Spital 1277-2006, Trondhjems Hospitals kirke 300 år 1706-2006. Tapir Akademisk Forlag, Trondheim 2006. ISBN 82-519-2116-3
  1. Ekroll, Øystein (2012): Sunnmørskyrkjene - historie, kunst og arkitektur. Bla: Larsnes.

BakgrunnsstoffEndra