Hosteland

Hosteland er ei bygd og ein matrikkelgard i Masfjorden kommune i Hordaland. Hosteland ligg ved Hostelandsosen, innom Holsøya på nordsida av Fensfjorden.

Hosteland
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Masfjorden
Postnummer 5986 HOSTELAND[1]
Preposisjon Hosteland

På Hosteland ligg barne- og ungdomsskulen Nordbygda skule, kommunal barnehage og Nordbygda helsetun. Der er også daglegvarebutikk med post i butikk og Sparebanken Vest har bankfilial der.

SamferdsleEndra

Fylkesveg 570 (tidlegare Riksveg 570) går gjennom bygda og Fylkesveg 376 i Hordaland går nord/nordaustover frå Hosteland til fylkesgrensa mot Gulen kommune der vegen fortset som Fylkesveg 2 i Sogn og Fjordane.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra