Hotel Ullensvang er eit hotell som ligg på Lofthus i Hardanger.

Gamalt bilete av Hotel Ullensvang, frå Nasjonalbiblioteket.

Historie endre

Hotellet vart starta opp av Hans Utne i 1846 som skysstasjon, fordi han trong overnattingsplass for folk han skulle ro over fjorden. Han og kona Brita Aga dreiv også skipsekspedisjon, landhandel og postopneri.[1]

Hotellet gjekk så i arv til sonen Bjarne Utne og kona Brita. Dei utvida til 50 senger og heilårsdrift.[1] Eit nytt anneks med 35 sengeplassar vart ferdig bygt i 1934.[1] Under andre verdskrigen vart hotellet nytta som aldersheim av Bergen Aldersheim.[1] I 1962 overtok tredje generasjon, Hans Utne og kona Ellen.[1] Fjerde generasjon, Edmund Harris Utne og Ina Utne, kom inn i drifta i 1969.[1] Fram til 2021 vart hotellet drive av den femte generasjonen, Hans Edmund Utne og Barbara Zanoni Utne. I 2021 vart hotellet selt til til H.I.G. Capital og Hamilton Hotel Partners.[1] Det har no 168 rom og stor aktivitets- og badeavdeling.

I hagen til hotellet står komponisthytta til Edvard Grieg, ved namn Komposten.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 «Historien om Hotel Ullensvang», Hotel Ullensvang, arkivert frå originalen 19. august 2021, henta 19. august 2021 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hotel Ullensvang