Opna hovudmenyen
Denne artikkelen handlar om albumet. For songen, sjå songen Houses of the Holy.
Houses of the Holy
Studioalbum av Led Zeppelin
Utgjeve 28. mars 1973
Innspelt Desember 1971 – august 1972[1]
Studio
Sjanger Hardrock
Lengd 40:57
Selskap Atlantic
Produsent Jimmy Page
Led Zeppelin-kronologi
Led Zeppelin IV
(1971)
Houses of the Holy Physical Graffiti
(1975)


Singlar frå Houses of the Holy
  1. «Over the Hills and Far Away»
    Utgjeve: Juli 1973
  2. «D'yer Mak'er»
    Utgjeve: November 1973

Houses of the Holy er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Led Zeppelin, gjeven ut av Atlantic Records den 28. mars 1973. Tittelen er ei tileigning til tilhengjarane av bandet som dukka opp på spelestader dei kalla «Houses of the Holy». Det var det første Led Zeppelin-albumet som ikkje offisielt vart kalla opp etter bandet. Det var òg det første albumet deira som utelukkande bestod av originale songar. Det representerer eit musikalsk vendepunkt for Led Zeppelin, som byrja å nytte fleire lydspor og produksjonsteknikkar i innspelinga av songane.

Albumet har seld 11 million eksemplar i USA aleine[2]. I 2003 vart Houses of the Holy rangert på 149. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

Innhaldsliste

InnspelingaEndra

Mykje av albumet vart spelt inn våren 1972 i Stargroves, landeigedomen i Berkshire eigd av Mick Jagger, med hjelp av Rolling Stones Mobile Studio. Somme av songane frå albumet hadde alt blitt prøvd spelt inn tidlegare, som «No Quarter», som først vart prøvd ut under ei innspeling i Headley Grange.[3]

Fleire av songane vart produserte som demoinnspelingar i dei personlege studioa til gitarist Jimmy Page og bassist John Paul Jones. Desse to musikarane hadde nyleg fått bygd eigne studio heime hos seg sjølv, som gjorde at dei kunne gjere ferdig arrangement som dei starta på tidlegare.[3] Særleg kunne Page presentere komplette arrangement av «The Rain Song» og «Over the Hills and Far Away», medan Jones hadde utvikla «No Quarter».[3]

Innspelingar vart òg gjort i Olympic Studios i mai 1972, og under den nordamerikanske turneen deira i 1972 gjorde dei opptak i Electric Lady Studios i New York.[3]

Somme av songane frå desse innspelingane kom ikkje med på Houses of the Holy, nemleg «Black Country Woman», «Walter's Walk», «The Rover» og tittelsporet «Houses of the Holy». Alle desse vart seinare gjevne ut på seinare Led Zeppelin-album.

KomposisjonEndra

Albumet var ei stilmessig ny retning for Led Zeppelin. Gitarriffa vart meir lagdelte og gjekk meir bort frå dei tidlegare bluesaktige riffa frå tidlegare plater. På opningssongen «The Song Remains the Same», og «The Rain Song», skreiv Robert Plant meir modne tekstar som gjekk bort frå mystisisme og fantasi som hadde prega tidlegare songtekstar. Houses of the Holy inneheld òg stilar som ein ikkje hadde høyrt på dei fire første Led Zeppelin-albuma. Til dømes er «D'yer Mak'er» ein reggae-basert song (namnet på songen er ei fonetisk staving av den britiske uttalen av «Jamaica»); «No Quarter» er bygd opp av atmosfæriske keyboardlydar og ein akustisk pianosolo av John Paul Jones; «The Crunge» er ein funkhyllest til James Brown; og «The Rain Song» vert spela med mellotron av Jones. Avsluttningssongen «The Ocean», med ein acappella-del og eit doo-wop-aktig coda, er tilskriven «havet» (the ocean) av tilhengjarar som møtte opp på Led Zeppelin-konsertane på denne tida.

PlateomslagEndra

Plateomslaget til Houses of the Holy var inspirert av slutten på Arthur C. Clarke-romanen Childhood's End.[3] Det er ein collage av fleire bilete teken ved Giant's Causeway i Nord-Irland av Aubrey Powell frå Hipgnosis.

To born var modellar for plateomslaget og bileta vart tekna over ti dagar. Bileta vart berre tekne ved soloppgang og solnedgang for å fange lyset på denne tida, men mange av dagane var det skya og regn.

Som det fjerde albumet deira, stod det heller ikkje her bandnamn eller albumtittel på omslaget. Manager Peter Grant tillet Atlantic Records å pakke eit papirband rundt omslaget som måtte brytast for å opne omslaget.[3] Papirbandet gøymde dei nakne borna på omslaget, men plata var likevel ikkje tilgjengeleg i delar av Sørstatane på fleire år.[4][5]

I 1974 vart albumet nominert for Grammy Award i kategorien beste plateomslag. Plateomslaget vart av VH1 kåra til det 6. beste plateomslaget i 2003. In Through the Out Door.

Utgjeving og mottakingEndra

Meldingar
Samla karakter
KjeldeKarakter
Metacritic98/100[17]
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [6]
Robert ChristgauA–[7]
Classic Rock9/10[8]
The Daily Telegraph     [9]
Entertainment WeeklyA[10]
Mojo     [11]
MusicHound4/5[12]
Pitchfork Media9.3/10[13]
Rolling Stone (1973)(unfavourable)[14]
Rolling Stone (2003)     [15]
Virgin Encyclopedia of Popular Music     [16]

Dette var den siste utgjevinga til Led Zeppelin på Atlantic Records før dei starta sitt eige selskap, Swan Song Records, i 1974.

Albumet skulle opphavleg ut i januar 1973, men på grunn av forseinkingar i produksjonen av plateomslaget vart det utsett til mars, då bandet var på turne i Europa. Det vart drive mykje marknadsføring for albumet før det kom ut samstundes med den nordamerikanske turneen deira, slik at albumet hamna på førsteplassen ved starten av turneen.[3] Sidan mykje av albumet vart spelt inn året før, vart mange av songane på albumet spelt på konsertane i Nord-Amerika, Japan, Europa og Storbritannia i 1972-1973.[3]

Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut,[18] og mykje av kritikken var retta mot songar som «The Crunge» og «D'yer Mak'er».[3] Albumet selde derimot særs godt og gjekk inn på førsteplassen i Storbritannia, medan det låg 39 veker på lista i USA, to av dei på førsteplassen.[3]

I 2003 vart albumet rangert på 149. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 største albuma gjennom tidene.

LovordEndra

Publikasjon Land Lovord År Rangering
The Book of Rock Lists USA The Top 40 Albums (1973) 1981 13
Grammy Award USA Grammy Award for Best Recording Package[19] 1974 Nominert
Classic Rock Storbritannia 100 Greatest British Rock Album Ever[20] 2006 90
Rock and Roll Hall of Fame USA The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time[21] 2007 51
Rolling Stone USA 500 Greatest Albums Ever [22] 2003 149

(*) uordna lister.

InnhaldEndra

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «The Song Remains the Same»  Page, Plant 5:32
2. «The Rain Song»  Page, Plant 7:39
3. «Over the Hills and Far Away»  Page, Plant 4:50
4. «The Crunge»  Bonham, Jones, Page, Plant 3:17
Side to
# TittelLåtskrivar(ar) Lengd
1. «Dancing Days»  Page, Plant 3:43
2. «D'yer Mak'er»  Bonham, Jones, Page, Plant 4:23
3. «No Quarter»  Jones, Page, Plant 7:00
4. «The Ocean»  Bonham, Jones, Page, Plant 4:31

MedverkandeEndra

Led Zeppelin

AlbumlisterEndra

Liste (1973) Topplassering
Den japanske albumlista[23] 3
Den britiske albumlista[24] 1
Den norske VG-lista[25] 4
US Billboard The 200 Album 1
US Cash Box Top 100 Album 1
US Record World Top Pop Album 1
Den austerrikske albumlista[26] 3
Kanadiske RPM Top 100 Album[27] 1
Den spanske albumlista[28] 9
Australske Go-Set Top 20 Album[29] 1
Australske Kent Music Report 1
Den tyske albumlista 8
Den franske albumlista[30] 3

SalstroféEndra

Region Salstrofé Salstal
Argentina (CAPIF)[31] Gull 30 000x
Frankrike (SNEP)[32] 2× Gull 200 000*
Tyskland (BVMI)[33] Gull 250 000^
Spania(PROMUSICAE)[34] Gull 50,000^
Storbritannia (BPI)[35] Platina 300 000^
USA (RIAA)[36] 11× Platina 11 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

KjelderEndra

  1. Houses of the Holy, Led Zeppelin, Atlantic Records, R2-544300, Super Deluxe Edition Box, 2014 liner Notes, page 3
  2. American album certifications - Led Zeppelin - Houses of the Holy". Recording Industry Association of America.
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 3,9 Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9
  4. Classic Rock Covers: Led Zeppelin; Houses of the Holy. Atlantic, 1973. Designer: Hipgnosis (Storm Thorgneson, Aubrey Powell)
  5. Koldo Barroso, "Best albums with nude covers and the stories behind", intuitivemusic.com, 9 November 2006.
  6. AllMusic review
  7. «Robert Christgau Review». Robertchristgau.com. Henta 12. august 2018. 
  8. Batcup, Tim (November 2014). «Led Zeppelin Led Zeppelin IV / Houses Of The Holy». Classic Rock. s. 98–99. 
  9. McCormick, Neil (23. april 2014). «Led Zeppelin's albums ranked from worst to best». The Daily Telegraph. Henta 12. august 2018. 
  10. Tom Sinclair (20. juni 2003). «Entertainment Weekly Review». EW.com. Henta 12. august 2018. 
  11. Snow, Mat (November 2014). «More muscle in your bustle: Led Zeppelin Houses of the Holy». Mojo: 106. 
  12. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 662. ISBN 978-1-57859-061-2. 
  13. Richardson, Mark (24. februar 2015). «Led Zeppelin: Led Zeppelin IV/Houses of the Holy/Physical Graffiti». Pitchfork Media. Henta 12. august 2018. 
  14. Fletcher, Gordon (7. juni 1973). «Houses of the Holy». 
  15. Edwards, Gavin (30. juli 2003). «Houses Of The Holy». 
  16. «Led Zeppelin Houses of the Holy». Acclaimed Music. Henta 12. august 2018. 
  17. «Reviews for Houses of the Holy [Remastered] by Led Zeppelin». Metacritic. Henta 12. august 2018. 
  18. Michael Wale, "Led Zeppelin", The Times, 11 July 1973.
  19. «Grammy Award for Best Album Package (Hipgnosis) - 2 March 1974». Grammy. Henta 25. mars 2011. 
  20. «Classic Rock - 100 Greatest British Rock Album Ever - April 2006». Classic Rock. Henta 25. mars 2011. 
  21. «The Definitive 200: Top 200 Albums of All-Time». Rock and Roll Hall of Fame (United States). Henta 25. mars 2011. 
  22. http://www.rollingstone.com/music/lists/500-greatest-albums-of-all-time-19691231
  23. «Top 100 Albums - 10 April 1973». Oricon. Henta 25. mars 2011. 
  24. «Top 100 Albums - 14 April 1973». chartstats.com. Arkivert frå originalen 2012-12-08. Henta 25. mars 2011. 
  25. «Top 20 Albums - 29 April 1973». norwegiancharts.com. Henta 25. mars 2011. 
  26. «Top 75 Albums - 15 May 1973». austriancharts.at. Henta 25. mars 2011. 
  27. «RPM Albums Chart - 19 May 1973». RPM. Henta 25. mars 2011. 
  28. «Top 100 Albums - 9 June 1973». PROMUSICAE. Henta 25. mars 2011. 
  29. «Top 20 Albums - 30 June 1973». Go Set. Henta 25. mars 2011. 
  30. «Top 100 Albums - 1973». infodisc.fr. Henta 25. mars 2011. 
  31. «Argentinian album salstrofé – Led Zeppelin – Recintos de lo Sagrado». Argentine Chamber of Phonograms and Videograms Producers. 
  32. «French album salstrofé – Led Zeppelin – Houses of the Holy» (på fransk). Syndicat National de l'Édition Phonographique. 
  33. «Gold-/Platin-Datenbank (Led Zeppelin; 'House of Holy')» (på tysk). Bundesverband Musikindustrie. 
  34. Salaverri, Fernando (2005). Sólo éxitos: año a año : 1959–2002 (PDF) (på spansk). Iberautor Promociones Culturales. ISBN 978-84-8048-639-2. Henta 31. juli 2013. 
  35. «British album salstrofé – Led Zeppelin – Houses of the Holy». British Phonographic Industry.  Enter Houses of the Holy in the field Search. Select Title in the field Search by. Select album in the field By Format. Click Go
  36. «American album salstrofé – Led Zeppelin – Houses of the Holy». Recording Industry Association of America.  If necessary, click Advanced, then click Format, then select Album, then click SEARCH

BakgrunnsstoffEndra