Sir Hovenden Walker (1656 eller 1666–1725 eller 1728) var ein britisk marineoffiser. Han er mest kjend for å ha leia eit mislukka toktet i 1711 mot Quebec City, som då var hovudstad i Ny-Frankrike.

Hovenden Walker
Fødd1656
Død1725
Rangkontreadmiral
EiningRoyal Navy
KonfliktarDronning Anne-krigen

Karriere endre

Walker studerte ved Trinity College i Dublin i 1678, men gjorde seg ikkje ferdig og gjekk inn i Den britiske marinen. Han vitja truleg Nord-Amerika i 1686, og nådde Boston ombord på fregatten HMS «Dartmouth».

Walker vart forfremma til kaptein kring 1692. I 1701 vart han med i flåten under sir George Rooke i Cadiz, og kort tid etter, som commodore, tok han kommando over ei avdeling som deltok i åtak på Guadeloupe og Martinique, begge mislukka. Nederlaget øydela ikkje karrieren hans, og i 1706 var han med i å heve omleiringa av Barcelona. To år seinare vart han utpeikt til kommandant for skvadronen utanfor Dunkerque.

I mars 1711 vart Walker forfremma til flaggoffiser og vart òg slått til riddar. Same året vart han øvstkommanderande for eit tokt med mål om å erobre Ny-Frankrike. Han skulle angripe Quebec i kombinasjon med ein felttog på land, leia av Francis Nicholson. Då toktet nådde Saint Lawrence-elva vart dei råka av dårlege vêrforhold og forliste på nordsida av elva. Over 800 mann mista livet i forliset og toktet vart avbroten.

Walker kom attende til London i oktober 1711, men vart ikkje klandra for det mislukka toktet. I 1712 kommanderte han ein skvadron nær Jamaica. Han kom attende til England eit år seinare.

Kjelder endre