Hovudverk

smerte i hovud eller hals
(Omdirigert frå Hovudpine)

Hovudverk er ein vanleg medisinsk tilstand med smerter i hovudet i mild eller intens grad. Det er gjennom undersøkingar påvist av 8 av 10 personar har hatt hovudverk i løpet av siste år, og at 1 av 10 har opplevd kraftig verk. Hovudverkplagar kostar samfunnet mykje i form av sjukefråvær og nedsett arbeidsinnsats, og den einstaka pasienten opplever ofte nedsett livskvalitet.[1]

Ein karikatur som gjev bilete av hovudverk, frå 1819 av George Cruikshank

Årsaker endre

Hovudverk kan ha fleire årsaker, og trass i at det er nokre overgangstilfelle, vert hovudverk skilt frå smerter i ansiktet og i nakken. Ein kan skilja mellom hovudverk som kjem av særskilte former for hovudverk (primær hovudverk) og hovudverk som kjem av andre sjukdommar (sekunder hovudverk). I somme tilfelle er hovudverk teikn på ein akutt medisinsk tilstand som bør få snarleg behandling. Fleire hovudverk er kroniske eller langvarige tilstandar som krev systematisk oppfølging og behandling over lang tid.

Primære hovudverk endre

  • Spenningshovudverk, òg kalla tensjons- eller stresshovudverk, er den vanlegaste forma for hovudverk som ein reknar med kjem av muskulære eller psykiske spenningar.
  • Migrene er eit hovudverk knytt til endringar i blodårar, truleg utløyst av særskilde signalsubstansar. Opptrer typisk i anfall, der kvart anfall kan vara frå nokre timar til fleire døgn.
  • Clusterhovudverk, òg kalla histaminhovudverk eller Hortons hovudverk, er ein karakteristisk type hovudverk som til vanleg berre rammar menn. Verket kan vera svært kraftig, sit til vanleg bak og kring eit auge og artar seg om natta.
  • Cervikogen hovudverk kjem av endringar i ledda og hinnene i nakken. Smerta vil som regel vera lokalisert til hovudet, nakken og i somme tilfelle skulder på ei side.
  • Hovudverk utløyst av slit, inkludert samleie, er eit akutt og innsetjande hovudverk som til vanleg ligg i nakken.

Sekundære hovudverk endre

Former for sekundær hovudverk er knytt til me.a. auka trykk i hovudet og til betennelsar. Auka trykk i hovudet kan koma av bløding, opphoping av væske og hjernesvulst. Trykkhovudverk av denne typen er ofte fylgd av oppkast og kjem typisk som hovudverk om morgonen. Dersom trykket i hovudet er for lågt, kan dette også valda hovudverk. Dette kan oppstå etter at ein pasient kan ha opplevd ein spinalpunksjon. Det er då vanleg at verket kjem når personen reiser seg opp.

Ved betennelse i hjernen og i hjernehinna vil det også vera hovudverk som ein del av sjukdomsbiletet, med alle infeksjonane utanom hovudet med feber, vil også gje smerter i hovudet. Sinusitt er til vanleg fylgt av hovudverk, og med somme revmatiske lidingar som arteritis temporalis og polymyalgia rheumatica er hovudverk vanleg.

Fleire pasientar med hovudverk kan melda om hovudskadar, mest av lettare grad. Det er ofte uvisst om det då er hovud- eller nakkeskade som gjev plagene, eller om det er ein tidlegare tendens som har blussa opp, eventuelt kombinert med psykiske påkjenningar.

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre