Hovudpostkontoret i Dublin
Hovudpostkontoret i Dublin er hovudkvarteret til det irske postvesenet (An Post) og det største postkontoret i Dublin. Det ligg midtvegs i hovudgata O'Connell Street, og er ein av dei mest kjende bygningane i Irland. I historisk samanheng er det særleg kjend som åstad for påskeopprøret i 1916. Postkontoret er i Greek Revival-stil, og var eit av dei siste offentlege bygga reist under den georgianske byggjeperioden i Dublin.
General Post Office (engelsk) Ard-Oifig an Phoist (gælisk) | |||
| |||
Hovudpostkontoret i 2006 | |||
Stad | O'Connell Street, Dublin 1, Irland | ||
---|---|---|---|
Eigar | An Post | ||
Arkitekt | Francis Johnston | ||
Påbegynt | 12. august 1814 | ||
Opna | 6. januar 1818 | ||
Stil | nyhellenistisk arkitektur, Georgiansk arkitektur | ||
Hovudpostkontoret i Dublin 53°20′58″N 6°15′40″W / 53.349334°N 6.261075°W |
Arkitektur
endrePostkontorbygningen opna 6. januar 1818 i dåverande Sackville Street (no O'Connell Street) etter at hovudpostkontoret i Irland først hadde vore husa ulike bygningar rundt College Green.[1]
Bygningen var utforma av arkitekten Francis Johnston og blei bygd i løpet av tre år for 50 000 pund.[1] Grunnsteinen blei lagt av den irske statthaldaren Charles Whitworth, første jarl Whitworth 12. august 1814 under oppsyn av dei to hovudpostmeisterane (Post-Masters-General) Charles O'Neill, første jarl O'Neill og Laurence Parsons, andre jarl av Rosse.[2][3]
Fasaden er bygd av portlandstein og er ein jonisk portiko med seks joniske søylar. Oppå dei ligg eit entablement med ei rikt dekorert frise. Den trekanta tympanonen hadde tidlegare det britiske riksvåpenet, men dette blei fjerna etter at Irland fekk sjølvstende og bygget blei restaurert. På taket står tre statuar utforma av John Smyth: Hibernia (ei kvinneleg personifisering av Irland) i midten, Merkur (bodberaren til gudane) til høgre og Fidelity (truskap) til venstre.[1]
Hovudbygget blei laga i Wicklow-granitt.[1] Det har tre etasjar, og er litt over 15 meter høgt. Inne i bygget er ein stor posthall med ein mezzanin over skrankane.[4] Han har kassettak med greske dekorasjonar.[4]
Den nedste delen av bygningen har rustikaveggar. Øvst har hovudbygningen ein gesims med balustrade.
Historie
endreUnder påskeopprøret i 1916 blei sjølvstendeerklæringa til opprørarane lesen opp her.[4]
Under kampane blei hovudpostkontoret delvis øydelagd. Bygningen blei gjenreist og opna att i 1929 under Den irske fristaten.[1] Opprøret er minna med skulpturen Cúchulainn av Oliver Shepherd inne i postkontoret.[4]
Ovanfor bygget stod opphavleg ein søyle med statue av den britiske sjøhelten Horatio Nelson. Denne blei øydelagd av eit IRA-bombeåtak i 1966. I dag står Dublin-spiret på plassen der søylen tidlegare stod. Ein statue av fagforeiningsleiaren James Larkin er reist like ved.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 «The General Post Office—a landmark building», anpost.ie
- ↑ Haydn, Joseph (1851). The Book of Dignities. London: Longmans, Brown, Green and Longmans. s. 461.
- ↑ M'Gregor, John James (1821). Picture of Dublin. Dublin: C. P. Archer. s. 40.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 4,3 «1814 – General Post Office, O’Connell Street, Dublin», archiseek.com
- Denne artikkelen bygger på «General Post Office , Dublin» frå Wikipedia på engelsk, den 11. februar 2014.
Bakgrunnsstoff
endre- Irish Architecture Online: GPO history and pictures Arkivert 2008-12-01 ved Wayback Machine.
- Project Gutenberg Article
- An Post History and Heritage – The GPO
- The 1916 Rising by Norman Teeling Arkivert 2020-07-30 ved Wayback Machine. a ten-painting suite highlighting historical moments of the Easter Rising acquired by An Post for permanent display at the GPO
- The Dublin Penny Journal, 6 December 1834.