Hugo Friderich Hiorthøy
Hugo Friderich Hiorthøy (9. mai 1741–29. august 1812) var ein norsk prest og forfattar.
Hugo Friderich Hiorthøy | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 9. mai 1741 |
Død |
29. august 1812 (71 år) |
Yrke | prest, teolog |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Hugo Friderich Hiorthøy på Commons |

Hiorthøy var fødd på Klepp på Jæren. Han tok embetseksamen i København i 1764. Året etter var han huskapellan hjå presten i Flesberg. I 1769 blei han med på ein ekspedisjon til Algerie. Deretter blei han prest i Skien. I 1775 blei han prest i Fron, og året etter blei han prost i Gudbrandsdalen.
Medan han var i Fron skreiv Hiorthøy Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbransdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, eit av dei beste topografiske verka frå 1700-talet.[1] Seinare blei han prest ved Nykirken i Bergen.
Kjelder
endre- ↑ «Hugo Fredrik Hjorthøy». Norsk biografisk leksikon. Henta 20. januar 2016.
- Denne artikkelen bygger på «Hugo Friderich Hiorthøy» frå Wikipedia på bokmål, den 19. april 2021.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- Ivar Kleiven Gamal Bondekultur i Gudbrandsdalen: Fronsbygdin, Oslo 1930
Verk
endre- H.F: Hiorthøy (1990). Physisk og Ekonomisk Beskrivelse over Gulbransdalen Provstie i Aggershuus Stift i Norge, med Kobbere. Lokalhistorisk forlag. [Opprinnelig utgitt i København i 1785]