Hulløya
Lokalt namn: Ulli
Flyfoto av Hulløya i januar 2013. Foto: Erlend Bjørtvedt
Flyfoto av Hulløya i januar 2013.

Foto: Erlend Bjørtvedt

Geografi
Norway - Hulløya.png
Stad Ofoten
Koordinatar 68°3′55″N 16°16′35″EKoordinatar: 68°3′55″N 16°16′35″E

Areal 22,1 km²

Høgaste punkt Veten (675 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Nordland

Demografi
Folketal 4 (2001)
Folketettleik 0,2 /km²

Hulløya (samisk Ulli) er ei øy i Tysfjorden, sørvest for Kjøpsvik. Øya ligg i Tysfjord kommune i Nordland fylke. Øya har eit areal på 22,1 km². Det høgaste punktet på Hulløya er Veten på 675 moh. Hulløya hadde fire innbyggjarar i 2001.

Like sørvest for Hulløya ligg Lille Hulløya og frå her går Hellemofjorden sørover i landet. På søraustsida av Hulløya går dei to fjordane Grunnfjorden og Mannfjorden søraustover, medan Indre Tysfjorden går austover på nordaustsida av Hulløya.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.