Humle
- Denne artikkelen handlar om planteslaget. For insektslekta Bombus, sjå humler.
Humle (Humulus lupulus) er ei fleirårig slyngplante som høyrer til hampfamilien (Cannabidaceae). Humle kan verte 6-7 meter høg, og visnar ned til rota kvar vinter. Planta veks fort; når veksten er på det kraftigaste kan planta vekse opp mot 20 cm i døgnet.
Humle | |
Humle | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Roseordenen Rosales |
Familie: | Cannabaceae |
Slekt: | Humulus |
Art: | Humle H. lupulus |
Vitskapleg namn | |
Humulus lupulus |
Humle veks vilt over store delar av Noreg, og har dessuten vore dyrka i fleire hundre år. Planta vert brukt som medisinplante, men er mest kjend fordi ho vert brukt til ølbrygging. Humle kan føre til akutt hypotermi hos hundar og kattar.
Frå gamalt
endreI Frostatingslova heiter det at den som tok humle frå annan manns hage, laut svara verdet og bøter attpå. På denne tida var det òg påbode å bryggje øl til jonsok og jol.
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Humle