Humoral immunitet

(Omdirigert frå Humoralt immunsvar)

Det humorale immunsystemet (HIS) eller humoral immunitet er den delen av immunforsvaret som nytter antistoff til å stoppa og fjerna infeksjon. Den viktigaste komponenten i dette systemet er B-celler eller B-lymfocyttar som produserer spesifikke antistoff retta mot framande antigen. Vidare kan dette systemet produsera cytokinar, aktivera T-celler eller komplement og starta fagocytose (at leukocyttar omsluttar antigen) og opsonisering (at antistoff produserer stoff som gjer antigena meir attraktive for lymfocyttane).

«Humoral» kjem frå latin humor som tyder 'fuktig' eller væske.

Kjelder endre