Hunn i Overhalla
Bygd i Overhalla
Hunn er ein tettstad i Overhalla kommune i Trøndelag fylke. Bygda ligg på nordsida av elva Namsen, om lag elleve kilometer vestom kommunesenteret Ranemsletta og om lag 14 kilometer austom byen Namsos. Fylkesveg 17 passerer gjennom bygda i hovudretning aust-vest. Den nedlagde Namsosbanen gjekk her. Skage kyrkje frå 1903 ligg i nedre del av bygda.
Hunn | |||
tettstad | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Overhalla | ||
Areal | 0,59 km² | ||
Folketal | 831 (2023) | ||
Folketettleik | 1 408 / km² | ||
Postnummer | 7860 SKAGE I NAMDALEN | ||
Preposisjon | på Hunn | ||
Skage 64°28′02″N 11°45′23″E / 64.467222222222°N 11.756388888889°E |
Det var ein namnediskusjon her i 2013-2015 som enda med at namnet på tettstaden er «Hunn» (ikkje «Skage sentrum»), medan bygda heiter «Skage».[1][2][3]
Kjelder
endre- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Nord-Trøndelag»
- Norsk Allkunnebok. IX. Bandet. 1960
Fotnotar
endre- ↑ Hunn Arkivert 2016-03-08 ved Wayback Machine.; statkart.no
- ↑ Stedet heter Hunn – ikke Skage sentrum Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.; Namdalsavisa, 22.10.2013
- ↑ Skage Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine.; yr.no
Denne geografiartikkelen som har med Trøndelag å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.