Hurtigruta

passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes
(Omdirigert frå Hurtigruten)

Hurtigruta, formelt Kystruten Bergen - Kirkenes - Bergen, er ei passasjer-, post- og godsrute som siglar frå Bergen til Kirkenes. 11 skip som kvar brukar 11 dagar på ein rundtur betener ruta. Til saman er det 34 stoppestader.

MS «Polarlys»
MS «Nordlys»
MS «Richard With»

Samferdsledepartementet har løyveansvaret for Hurtigruta og kjøper tenester på strekninga i den private leverandørmarknaden. Gjeldande avtale er inngått med reiarlaga Hurtigruten AS og Havila Kystruten AS for perioden 2021 -2030, for høvesvis fire og sju skip.[1], med opsjon på eitt års forlenging.[2]

Kystruten er avhengig av statstilskot, og har vore det sidan oppstarten i 1893. Samferdselsdepartementet la ut nytt anbod for trafikkering på denne strekninga frå 1. januar 2005 fram til 31. desember 2012 og var open for internasjonale verksemder, men fekk berre eitt anbod, nemleg frå OVDS og TFDS. (Desse 2 selskapa utgjorde i si tid Hurtigruta, men fusjonerte 1. mars 2006 til HRG). I desember 2004 gjorde så Staten og hurtigruteselskapa ein avtale for tida fram til 2012 om at Hurtigruta skal segla dagleg, heile året, mot eit statstilskot på 1,9 milliardar kroner.

Historie endre

Hurtigruta vert etablert endre

Indredepartementet lyste ut anbod i 1891 for igangsetjing av ei snøggrute som skulle gå frå Trondheim og nordover til Vadsø om sommaren, eller til Hammerfest om vinteren, to gonger i veka. Ingen leverte inn anbod.

Denne utlysinga vart forandra 21. september 1892 etter forslag frå Vesteraalens Dampskibsselskab (VDS), der det berre var krav om ein tur i veka, og at ho berre skulle gå til Tromsø om vinteren og til Hammerfest om sommaren. VDS vann anbodet.

Under og etter den første rundreisa endre

 
DS «Vesteraalen» nær Bodø i 1893

DS «Vesteraalen» gjekk på den første reisa si frå Trondheim 2. juli 1893, og Richard With var kaptein. Ho gjekk innom Rørvik, Brønnøy, Sandnessjøen, Bodø, Svolvær, Lødingen, Harstad, Tromsø, Skjervøy og til slutt Hammerfest.

Det var mange som ikkje trudde på at Hurtigruta ville kunna halda ein stram ruteplan i den mørke og vêrharde nordnorske vinteren. Det første prøveåret viste likevel at dette lét seg gjera. «Vesteraalen» var omtrent like punktleg om vinteren som om sommaren. Kaptein Richard With og los Anders Holte hadde gått nøye gjennom seglingsleia og hadde skrive ned kursar, strekningar og passeringstider. Dei utarbeidde så kurstabellar som gjorde at ein kunne segla på bestikk (etter klokke, logg og kompass) i dei fleste vêrtypane.

Sommaren 1894 blei det gjeve klarsignal for skip nummer to, medan det tredje skipet kom til i 1898. Dette var det første som segla frå Bergen.

Koronavirusutbrotet i 2019–2020 førte til kraftig nedgang i passasjertrafikken i Noreg. I fleire måneder i 2. kvartalet av 2020 var det berre to hurtigrute-skip i drift og hurtigruta tok pause i rutetrafikken inn til Bergen.[treng kjelde] Etter opptrapping av drifta er det 4 skip i drift mellom Kirkenes og Bergen (juli 2020).[3]

Reisetid og stoppestader endre

 
Stoppestader
 
MS «Nordkapp» og MS «Polarlys»

Den første reisa, frå Trondheim til Hammerfest, tok 67 timar. Dagens reisetid, over hundre år seinare, er 33 timar for strekket frå Trondheim til Svolvær, og 41 timar og 15 minutt for strekket frå Trondheim til Hammerfest.

Ein rundtur Bergen–Kirkenes–Bergen tek 11 døgn. Sørgåande sigling (Kirkenes–Bergen) tek fem døgn, nordgåande seks døgn.

Stoppestader dag for dag[4] endre

Kystruteskip endre

Ski bygde mellom 1964 og 2022 utgjer dagens flåte. Ruta er lagt opp til ca. 15 knop. Skipa er:[4]

Det tidlegare hurtigruteskipet MS «Narvik» vart seld til Rogaland sjøfartskole i februar 2007. Skipet vert nytta som skuleskip med namnet MS «Gann». MS «Lyngen» vart seld til amerikanske Lindblad Expedition hausten 2007. Bortsett frå «Trollfjord», «Narvik» og «Nordkapp» har desse namna lange tradisjonar innan hurtigrutefarten.

Havila Kystruten har to ytterlegare skip under bygging som skal inn i Kystruten. Alle Havila Kystrutens skip har ei lengd på 122,7 meter, breidd på 22 meter og passasjerkapasitet på 640. Dei to nye skipa vil få namna «Havila Polaris» og «Havila Pollux».[5] Hurtigruten AS som skal halde fram med sju skip i Kystruten vil bygge om dei aktuelle skipa for å innfri krava til utslepp og miljø.[6]

Ulukker endre

Laurdag 9. april 2011, då hurtigruteskipet MS «Trollfjord» å til kai i Tromsø, fall ei 70 år gammal kvinne frå Trondheim ned heile gangbrua mot kaia. Ho vart frakta medvistlaus til Universitetssjukehuset Nord-Noreg. Seinare vart ho frakta til eit sjukehus i Trondheim, der ho døydde 14. april.[7]

Torsdag 15. september 2011 byrja hurtigruteskipet MS «Nordlys» å brenne ca. 10 nautiske mil frå Ålesund. Brannen starta i maskinrommet. Skipet låg til kai i nærleiken av Radisson Blu Hotel, så heile hotellet vart evakuert. To personar omkom, ni vart sendt til Ålesund sjukehus og ein vart sendt til Haukeland Universitetssjukehus. 16 personar vart skada ein eksplosjonsarta brann som starta i maskinrommet. Då skipet la til kai vart eit hol i skipssida og skipet byrja å ta inn vatn og fekk slagside.[8][9][10]

Hurtigruten minutt for minutt endre

Hurtigruten minutt for minutt er verdas lengste direktesendte fjernsynsprogram, laga av NRK. Programmet gjekk på NRK2 og NRK Nett-TV frå 16. juni 2011 klokka 19:45 til 22. juni 2011 klokka 09:45 og varte i heile 134 timer, 42 minuttar og 45 sekunder. I programmet får ein sjå hele turen med hurtigruteskipet MS «Nordnorge» frå Bergen til Kirkenes. Hausten 2011 kom programmet med i Guinness rekordbok som verdas lengste direktesendte fjernsynsdokumentar.[11]

Kjelder endre

  1. Samferdselsdepartementet (12. desember 2018), «Kystruteavtale for perioden 2021-2030», Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  2. Samferdselsdepartementet (15. desember 2016), «Kystruten Bergen-Kirkenes», Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  3. Snart er nesten alle hurtigruteskipene tilbake i drift. NRK. Vitja 7. juli 2020
  4. 4,0 4,1 Samferdselsdepartementet, «Opplysninger om omfanget av gjeldende kystruteavtale» (PDF), Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  5. Vågnes, Stig (27. november 2018), «Havila Kystrutens fire nye skip har fått navn», smp.no, henta 23. februar 2019 
  6. Samferdselsdepartementet (23. mars 2018), «Havila og Hurtigruten får kontrakter på kystruten Bergen-Kirkenes», Regjeringen.no (på norsk), henta 5. mars 2019 
  7. Døde etter å ha falt ned gangbrua. NRK.no
  8. Hurtigruten i brann
  9. Brann om bord i Hurtigruten: Politiet bekrefter at to er omkommet
  10. Hurtigruten tar inn vann og har fått slagside
  11. Fordal, Jon Annar (14. juni 2011), «Hurtigruten minutt for minutt», NRK (på norsk bokmål), henta 5. mars 2019 

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hurtigruta