Husa er ein gard på Fedje og i lag med Kopper dei eldste og største gardane her. Husa er både størst og truleg eldst, og dekkjer området mellom Husavatnet og Husavågen, som begge er kalla opp etter garden.

Husa
stad
Land  Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Fedje
Postnummer 5947 FEDJE
Gardnummer 168

Namnet Husa tyder på at det var her den første busetnaden på Fedje oppstod, altså at det var her dei første husa vart bygd.[1] Tidlegare har «Huse» vore ein vanleg skrivemåte, men skrivemåten Husa samsvarar med uttalen og har vorte nytta frå 1865 og framover.

Husa er først gong nemnd i skriftlege kjelder i 1405, i eit «breff om Huss i Fediom». I dette brevet går det fram at Munkeliv kloster, som tidlegare eigar overlet husa sine til Arne Andersson og Ingeborg Einarsdotter. Dette er òg dei første namngjevne innbyggjarane ein kjenner til på Fedje.

I 1962 fekk Fedje kommune skøyte på ei av tomtene. Vasstårnet til vassverket på Fedje vart bygd her i 1961. Vassverket fekk ei anna tomt i 1969 der Det kommunale vassverket vart bygd i 1971. På ei anna tomt vart det i 1983 bygd ein kommunal legebustad med hybelhusvære

Kjelder endre

  • Arvid Skogseth (1997). Fedje og folket: Gards- og ættesoge for Fedje. Fedje kommune. 

Fotnotar endre

  1. Oluf Rygh (1910). Norske Gaardnavne 11. s. 426.