Ein husmannsplass er eit lite gardsbruk med hus. Gardsbruket ligg på jorda til ein større eigedom og leiga for jorda var oftast arbeidsplikt på hovudgarden. Talet på husmenn i Noreg auka bratt frå slutten av 1700-talet og fram til vel midten av 1800-talet, då husmannsklassen var større enn bondeklassen her i landet. Bakgrunnen var at folketalet voks, og jordmangelen vart stadig verre. Ein anna grunn er at det vert forbode og dele små garder som hadde vert vanleg fram til då, særleg på Vestlandet. Opptil 8 garder kunne ligge på det same tunet.

I nyare tid vart dei fleste husmannsplassane løyste ut frå hovudgarden, og dei vart såleis sjølvstendige småbruk. Dette skjedde i løpet av det store hamskiftet i norsk jordbruk, då mekaniseringa gjorde behovet for arbeidskraft mindre, samtidig som både flytting til kysten og byane og utvandring til Nord-Amerika minka arbeidskraftoverskotet på bygdene. På slutten av 1800-talet og førstninga av 1900-talet minka talet på husmenn såleis mykje, både på grunn av flytting og fordi dei gjenverande fekk kjøpe ut stykka sine og gjorde dei om til sjølvstendige småbruk.

Vestlandet var det vanleg at stordelen av leiga vart betalt i kontantar, og arbeidsplikta var mindre. Slike bygselshusmenn stod friare i høve til bonden, og det sosiale skiljet mellom bonde og husmann var mindre enn på Austlandet og i Trøndelag. Såleis var det for det meste utenkjeleg at husmannssøner kunne gifte seg med bondedøtrer på Austlandet, mens dette ikkje var sosialt umogleg på Vestlandet. (Sosial status følgde mannen, så andre vegen var mindre problematisk.) Pengar til plassleiga fekk vestlandshusmannen ofte frå deltaking i fiske.

Noko av det verste med husmannskåra, særleg i Aust-Noreg, var at husmannen og kona hans kunne seiast opp når dei vart gamle og mindre arbeidsføre, og plassen gjevast til ein ny og yngre familie. Arverett til bruket hadde arbeidshusmennene heller ikkje.

Spire Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.