For den sjiamuslimske martyren, sjå Husayn ibn Ali.

Hussein bin Ali (18541931) var sjarif og emir av Mekka og sjølvutnemnd konge av Hedsjas frå 1916 til 1924.

Hussein bin Ali

Statsborgarskap Det osmanske riket, Kingdom of Hejaz, Transjordan
Fødd ca. 1853
Istanbul
Død

4. juni 1931 (77 år)
Amman

Yrke monark, politikar, kalif
Språk arabisk, osmantyrkisk
Religion Islam
Far Ali bin Mohammed bin Abdul Moin
Mor Salah Bani-Shahar
Ektefelle Adila Khanum
Hussein bin Ali på Commons

Hussein bin Ali var ein arabar fødd i Istanbul under Det osmanske riket. Han blei utnemnd til vernar av dei heilage stadene i Hedsjas etter Den ungtyrkiske revolusjonen i 1908. I 1916, under første verdskrigen, innleia han i samspel med britane Arabaropprøret mot tyrkarane. I 1924 utropte han seg vidare til kalif over alle muslimar.

Hussein bin Ali blei anerkjend som konge av Hedsjas av stormaktene, men måtte seinare i 1924 gje opp makta etter å ha blitt overvunnen av naboherskaren Abdulaziz Ibn Saud. Hussein bin Ali flykta til Kypros og deretter til Amman i Jordan. Her døydde han i 1931 og blei gravlagd i Jerusalem.

Han var far til kongane Abdullah I av Jordan og Feisal I av Irak.

Kjelder

endre

«Hussein Ibn Ali» i Store norske leksikon, snl.no.