Hustad kyrkje i Fræna

(Omdirigert frå Hustad kyrkje i Romsdal)

Hustad kyrkje er ei einskipa langkyrkjeHustad i Hustadvika kommune i Møre og Romsdal fylke. Kyrkja er frå 1875 og bygd i treverk. Ho har kring 350 sitjeplassar. Arkitekt for kyrkja var Jacob Wilhelm Nordan og ho er reist av byggmeister Jacob Digre.[1]

Hustad kyrkje
kyrkje
Hustad kyrkje
Foto: kirkenorge.no
Land  Noreg
Fylke Møre og Romsdal
Kommune Hustadvika
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Møre
Prosti Molde domprosti
Sokn Hustad
Fellesråd Fræna
Type Langkyrkje
Arkitekt Jacob Wilhelm Nordan
Teknikk Tømring
Material Tre
Innvigd 1875
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar ca. 350
Kart
Hustad kyrkje i Fræna
62°57′22″N 7°05′50″E / 62.9562°N 7.0971°E / 62.9562; 7.0971
Wikimedia Commons: Hustad kirke

Det er kyrkjegard ved kyrkja.

Kyrkja som står no er den tredje kyrkja på Hustad. Den første var ei stavkyrkje som brann ned i 1718.[1] Om ho stod på same plassen som no veit ein ikkje. Soknet var utan kyrkje i 20 år før det fekk ny. Den nye kyrkja vart bygd i 1738 av tømmer, var raudmåla og hadde krossform. Denne kyrkja stod omtrent på same plassen som kyrkja i dag og vart riven for å gje plass til den nye.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Hustad kirke». Kyrkja i Fræna / Den norske kyrkja. Henta 26. mai 2015. 

Bakgrunnsstoff endre