Hvítá (islandsk uttale kvit-ao) er namnet på fleire elvarIsland. Dette kjem av at dei fleste islandske elvane som har utspring frå isbreane har ein lys farge. Hvítá tyder «kvit elv» på islandsk.

Brúarhlöðgjelet
Gullfoss

Dei mest kjende elvane med dette namnet er:

  • Hvítá i Borgarfjörður, vest på Island, nær Reykholtsdalur (sjå Hraunfossar),
  • Hvítá i Árnessýsla i sør.

Hvítá på Sør-Island endre

Denne elva har sitt utspring ved brevatnet Hvítárvatn ved isbreen LangjökullDet islandske høglandet. Elva renn 40 km før ho fell ned i eit smalt gjel ved fossen Gullfoss.

Etter denne renn ho mellom Biskupstungur og Hrunamannahreppur. Her renn Hvítá saman med tre andre elvar: Tungufljót, Brúará og Stóra-Laxá. Elva har då dobbelt så stor vassføring som ved Gullfoss. Elva renn så ut på flatare område nær Grímsnes og bak fjellet Ingólfsfjall. Like nord for byen Selfoss renn ho i saman med Sog og etter dette får ho namnet Ölfusá før ho munnar ut i Atlanterhavet.

Sidan elva ofte flaumar over, særleg om vinteren, har ho rykte på seg for å vere den farlegaste elva på Island.

Sjå òg endre