Hyde Park i London

Hyde Park er ein av dei kongelege parkane i London, og ligg i City of Westminster. Parken har eit flateinnhald på 1,4 km². Parken som ligg ved sida av, Kensington Gardens, blir av mange rekna som ein del av Hyde Park, men dette er ei feiltaking.

Hyde Park

Kart
Hyde Park i London
51°30′31″ N 0°9′49″ W
Norwegian Stone, reist i Hyde Park av Den kongelege norske marinen i 1978 til minne om andre verdskrigen

Parken blei arva av Henrik VIII frå munkane i Westminster Abbey i 1536. Den var då ei privat jaktmark for monarken og hoffet hans inntil Jakob I tok trona og opna for avgrensa tilgang for folk flest. Det var Karl I som gjorde parken fritt tilgjengeleg for alle i 1637.

Hyde Park er nesten delt i to av innsjøen Serpentine, som blei laga i 1730 og inneheld ender, gjæser og svanar og utleige av robåtar.

Krystallpalasset (Crystal Palace) blei reist i Hyde Park for verdsutstillinga i 1851. Palasset blei seinare øydelagt i brann den 30. november 1936. Hyde Park har også vore arena for ei rekkje berømte rockekonserter, inkludert The Rolling Stones i 1969, Pink Floyd i 1970, Queen i 1976 og ikkje minst Live 8 i 2005.

Blant kjennemerka i Hyde Park er den majestetiske hovudinngangen, Speaker's Corner, Hyde Park Corner og minnesmerket over Diana, prinsesse av Wales.

Bakgrunnsstoff endre