Hydrogeologi (hydro- tyder vatn og -geologi tyder studiet av jorda) er eit fagfelt innan geologi som omhandlar fordelinga, eigenskapane og rørsla til grunnvatn i jordsmonnet og grunnfjellet i jordskorpa. Hydrogeologi nyttar kunnskap frå fleire fagområde: hydrologi, meteorologi, geologi, jordbotnslære, geokjemi og fleire. Grunnvatnet er eit ledd i vasskrinslaupet og hydrogeologien har ofte hatt lange tradisjonar i land med tørt klima, der grunnvatnet er ein naudsynt ressurs for å overleve. I Noreg er hydrogeologi som fag ein ung vitskap og kom i gang ved Noreg geologiske undersøkingar kring 1950.

Drikkevatn endre

Hydrogeologien vert mellom anna nytta for å skaffe drikkevatn til busette område. I mange område aukar behovet sterkt frå år til år, mellom anna på grunn av aukande forureining av overflatevatn.

Kring 13 % av folkesetnaden i Noreg vert i dag forsynt med drikkevatn frå grunnvatnet.

Kraftutbygging endre

Grunnvatnet er viktig for vasskraftutbygging. Kring 1960 starta Noregs vassdrags- og energidirektorat utforskninga av grunnvasstilførsla til vassdraga for å rekne ut tilskotet i tørre periodar.

Forureining endre

Hydrogeologi er eit viktig fagfelt i samband med forureining frå avfallsdeponi, slamlagunar og liknande, sidan grunnvatnet fraktar med seg forureiningane. Det er derfor viktig å kjenne godt til dei lokale grunnvasstraumane.

Kjelder endre

«hydrogeologi» i Store norske leksikon, snl.no.