Hyenar
pattedyrfamilie
Hyenar er relativt store kjøtetarar som høyrer heime i Afrika og Asia. Dei er medlemer i familien Hyaenidae. Sjølv om hyenane ser ut som store bikkjer høyrer dei til ein separat familie som er nærmast i slekt med snikekattane (Herpestidae).
Hyenar | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Hyenar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Feliformia |
Overfamilie: | Herpestoidea |
Familie: | Hyenar Hyaenidae Gray, 1821 |
Tidlegare heldt hyenane seg over store delar av Europa og Asia, men dei er redusert i område og variantar i dag. Berre fire artar er igjen: flekkhyena, den brune hyena og stripehyena (som saman utgjer underfamilien Hyaeninae) og jordulven, som er einaste medlem i underfamilien Protelinae.