I'billin (hebraisk אעבלין, arabisk إعبلين)[1] er ein arabisk by i Nordlege distrikt i Israel, nær Shfaram.[2] I desember 2006 var folketalet 11 000. I'billin fekk kommunestatus i 1960. Byen har ein blanda folkesetnad av muslimar og kristne.

I'billin
אעבלין, إعبلين
lokal kommune
Land  Israel
Distrikt Nord distrikt
Koordinatar 32°49′20.64″N 35°11′31.77″E / 32.8224000°N 35.1921583°E / 32.8224000; 35.1921583
Areal 18 km²
Folketal 11 000  (2006)
Folketettleik 611 / km²
Kart
I'billin
32°49′20″N 35°11′36″E / 32.822222222222°N 35.193333333333°E / 32.822222222222; 35.193333333333
Wikimedia Commons: I'billin

Historie endre

 
Måleri av Akil Agaa, frå William Francis Lynch-boka The Narrative of the USA Expedition of the Jordan River and the Dead Sea. Publisert i 1849
 
Ny-melkittisk austleg katolsk kyrkje i I'billin.

Arkeologiske utgravingar i sentrum av landsbyen indikerer ei kontinuerleg busetnad frå jernalderen (800-talet fvt.) til mamelukkisk tid (1300-talet).[3]

Nasir Khusraw vitja staden i 1047: «Frå Damum reiste me sørover til ein annan landsby, kalla A'bilin, der grava til Hud ligg -fred vere med han! -som eg vitja. I nærleiken står eit morbærtre, og her ligg grava til profeten Uzair -fred vere med han! -som eg òg vitja.»[4]

Folketalet i 1859 var i følgje konsul Rogers 800 personar.[5]

I 1875 vitja den franske oppdagaren Victor Guérin landsbyen. Han estimerte at folketalet var 600, likt fordelt mellom muslimar og «greske kristne». Han noterte at sistnemnde hadde ei kyrkje tileigna St. Georg.[6]

I 1881 skildra Palestine Exploration Fund i Survey of Western Palestine (SWP) som «Ein landsby i høgda med hagar nedanfor i sør, og ei kjelde ('Ain 'Afieh) kring 1 km mot sør. Det står ein minaret til moskeen som er lett synleg. Denne moskeen og ein mur til byen er sagt å ha vore bygd av el Hajj Yusef, frå familien til Zeidaniyin, i følgje ein arabisk inskripsjon på veggen til moskeen. Husa i landsbyen er hovudsakleg av stein. Murane ligg sør for åsen, med oliven nær dei. Somme av innbyggjarane er greske kristne.»[5]

Landsbyen er heilag for katolikkar som fødestaden til Mariam Baouardy, som vart saleggjort av pave Johannes Paul II i 1983.

Akil Aga, ein beduin-sjeik frå Egypt som herska over området, bygde ei festning i Ibillin.[7] Han er gravlagd i landsbyen, i tillegg til familien Dhaher el-Omar.

I 1945 var folketalet i I'billin 1 660, all arabarar, som eigde 18 632 dekar land.[8] 2 367 dekar var plantasjar og irrigert land, 8 628 nytta for korn,[9] medan 95 dekar vart utbygd (urbant) land.[10]

I'billin vart erobra av det israelske forsvaret under den første fasen av Operasjon Dekel, 8-14. juli 1948.[11] Dei fleste muslimane vart drivne bort og erstatta av kristne frå nabolandsbyar.[12] Byen vart ofte undersøkt for folk som ikkje var registrerte i folketeljinga i november 1948. Den 8. januar 1949 var landsbybuarane frå I'billin del av ei gruppe på 128 menn, kvinner og barn som vart drivne bort og inn på Vestbreidda ved 'Ara.[13] Byen vart verande i unntakstilstand fram til 1966.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Frå eit førenamn, i følgje Palmer, 1881, s. 105
  2. Kashti, Or (8. september 2008). «Mar Elias schools: Investing in excellence». Haaretz.com. Henta 21. november 2014. 
  3. Abu Raya, 2012, ‘Ibillin Preliminary Report Arkivert 2013-05-18 ved Wayback Machine.
  4. Nasir Khusraw sitert i le Strange, 1890, s. 382.
  5. 5,0 5,1 Conder and Kitchener, 1881, s. 269
  6. Guérin, 1880, s. 420 -421, as translated by Conder and Kitchener, 1881, s. 270
  7. «Sailors i Holy Land». Books.google.co.il. 15. mai 2005. Henta 21. november 2014. 
  8. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 48
  9. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 90
  10. Government of Palestine, Department of Statistics. Village Statistics, April, 1945. Sitert i S. Hadawi, Village Statistics, 1945. PLO Research Sentral, 1970, s. 140
  11. Morris, Benny (1987) The birth of the Palestinian refugee problem, 1947-1949. Cambridge University Press. ISBN 0-521-33028-9. s. 198
  12. Pappe, Ilan (2006) The Ethnic Cleansing of Palestine. Oneworld. ISBN 1-85168-467-0. s. 159
  13. Morris, Benny (1993) Israel's Border Wars, 1949 - 1956. Arab Infiltration, Israeli Retaliation, and the Countdown to the Suez War. Oxford University Press, ISBN 0-19-827850-0. s.145

Bakgrunnsstoff endre