ICPC
ICPC-2 er den andre versjonen av ICPC, som er den internasjonale klassifikasjonen for sjukdommar og symptom som brukast i den norske primærhelsetenesta.
Den første versjonen av ICPC (International Classification of Primary Care) er ei diagnoseliste fastsett første gongen i 1987 av ei nemnd som vart nedsett i 1972 av WONCA, (World Organization of National Colleges, Academies and Academic Associations of General Practitioners/Family Physicians.)
Noreg har si eiga omsette liste som vert heldt vedlike av KITH, (Kompetansesenter for IT i helse- og sosialsektoren).
Trygdeetaten / Nav krev at diagnosekoden etter ICPC skal førast på alle legeregningar, sjukmeldingar og legeerklæringar om at ein pasient er arbeidsufør.
Kodane i ICPC består av ein bokstav og to siffer. For einskilde spesielle diagnosar er det tre siffer. Bokstaven står for eit organsystem, siffer 00-29 for symptomdiagnosar, og 70-99 for sjukdomsdiagnosar.
Kodane 30-69 er terapi-, behandlings- og prosesskodar som er felles for alle organkapitla.