Arp 147
(Omdirigert frå IC 298)
Arp 147 eller IC 298 er eit par av vekselverkande galaksar som ligg rundt 440 millionar lysår unna jorda i stjernebiletet Kvalfisken. Galaksane utgjer til saman noko som kan likna på eit tital. Ein reknar med at galaksen som utgjer nulltalet fekk forma si etter at den andre galaksen passerte gjennom han. Denne passasjen sett i gang intens stjernedanning, då han fekk ei tettleiksbølgja til å forplanta seg utover galaksen. Tettleiksbølgja komprimerte gassen på sin veg og starta soleis stjernedanninga.
Romteleskopet Hubble tok eit bilete av Arp 147 27.- 28. oktober 2008 like etter at det hadde kome ut av ein periode der det var ute av drift.
Kjelder
endre- Denne artikkelen i sin heilskap baserer seg på pressemelding STScI-2008-37 frå Space Telescope Science Institute.