IFP School

utdannet ingeniørskole i Rueil-Malmaison, Frankrike

IFP School (tidlegare ENSPM - École Nationale Supérieure du Pétrole et des Moteurs) er ein høgskole med mastergradsutdanning i ingeniørfag. Den ligg i forstaden Rueil-Malmaison til Paris i Frankrike. Skolen vart grunnlagd i 1954. I dag er IFP School ein del av IFP Energies Nouvelles, French Institute of Petroleum (IFP), eit offentleg fransk forskings- og utdanningssenter. Skolen utdannar i dag rundt 500 studentar kvart år på 17 utdanningsprogram. Av desse er 8 på engelsk. Skolen har om lag 40 professorar og 350 undervisarar frå næringslivet.[1]

Referansar endre

  1. «IFP School - Key Facts». Arkivert frå originalen 31. juli 2010. Henta 10. november 2012.