«II & II»
Singel av Rolf Graf
Land Noreg
Språk Norsk
Utgjeve 1985
Låtskrivar(ar) Rolf Graf og B.A. Olsen

«II & II» var eit av bidraga i Melodi Grand Prix 1985, framført på norsk av Rolf Graf. Songen er skriven av Rolf Graf og B.A. Olsen.[1]

Melodi Grand Prix 1985 endre

Under finalen var det fem distrikt og fire fagdommarar som gav poeng til alle bidraga. Bidraget fekk ni poeng frå Tromsø og Tony Visconti, sju poeng frå Porsgrunn, seks poeng frå Elverum og Stikkan Andersson, fem poeng frå Steinkjer, fire poeng frå Stavanger og to poeng frå Anne-Marie David og Ronnie Hazlehurzt. «II & II» fekk til saman 50 poeng og enda på femteplass av totalt ti bidrag. Rolf Graf fekk ikkje representere Noreg i Eurovision Song Contest 1985 i Göteborg i Sverige.

Kjelder endre

  1. «Absolutt Grand Prix vol. II: Fra seier til 0 poeng (og alt innimellom)». Norsk musikkinformasjon. 24. mai 2006. Henta 15. desember 2012.