IOS jailbreaking
iOS jailbreaking er prosessen der ein fjernar restriksjonane Apple har plassert på einingar som køyrer iOS-operativsystemet, ved hjelp av program- og maskinvare-exploits; Absinthe og redsn0w er dei mest brukte verktøya. Jailbreaking gjer at brukarar får root-tilgang til operativsystemet, slik at ein kan laste ned program, utvidingar og tema frå uoffisielle distribusjonskanalar (utanfor App Store), slik som Cydia.
Jailbreaking er ei form for opptrapping av privilegium, og omgrepet har også vorte brukt for opptrapping av privilegium på andre datasystem. Namnet refererer til å bryte eininga ut av «jail» (fengsel), som er eit teknisk omgrep brukt i UNIX-system. Ein jailbroken iPhone, iPod Touch eller iPad kan framleis bruke App Store, iTunes og andre normale funksjonar.
I motsetnad til rooting av Android-einingar er jailbreaking naudsynt dersom brukaren skal køyre programvare som ikkje er godkjend av Apple. Under Digital Millennium Copyright Act er jailbreaking lovleg i USA, sjølv om Apple har annonsert at praksisen «kan krenke garantien».
Kjelder
endre«iOS jailbreaking» i Store norske leksikon, snl.no.