Den islamske staten

(Omdirigert frå IS)

Den islamske staten Irak og Levanten (arabisk الدولة الإسلامية في العراق والشام, fonetisk Ad-dawla al-ʾIslāmiyya fī-l-‘Irāq wa-š-Šām – namnet «al-Sham» blir stundom omsett til 'Syria' i staden for 'Levanten'), forkorta ISIL eller ISIS, arabisk akronym Da'ish[1] eller Daesh (داعش, Dāʿish), er ei militant sunnimuslimsk islamistisk gruppe i Irak og Syria. Han har ikkje status som ein sjølvstendig stat, men kontrollerer territorium i Irak og Syria. Målet til organisasjonen er å etablere eit nytt kalifat – eit islamsk imperium – som i framtida skal omfatte Libanon, Syria, Israel, Palestina, Jordan og dei sunni-dominerte regionane i Irak og sørlege delar av Tyrkia. Nokre inkluderer òg Kypros.[2][3][4] Organisasjonen vart lenge rekna som ein del av det internasjonale al-Qaida-nettverket, men skilde lag i 2013 med den sentrale leiinga i al-Qaida.[5]

Den islamske staten

Flagget til Den islamske staten Irak.
Skipa1999, 2006
LeiarAbu l-Husain al-Husaini al-Quraschi, Abu al-Hasan al-Hashimi al-Qurashi, Abu Ibrahim al-Hashimi al-Qurashi, Abu Bakr al-Baghdadi
Ideologijihadisme, islamisme
Mottoباقية وتتمدد

Al-Qaida i Irak endre

For meir om dette emnet, sjå Tanzim Qa’idat al-Jihad fi Bilad al-Rafidayn.

Det opphavlege al-Qaida i Irak vart starta av Abu Musab al-Zarqawi, som var frå Jordan. Ifølgje ein rapport som vart skriven av den amerikanske regjeringa i 2006 var al-Qaida i Irak helst assosiert med utanlandske terroristceller som berre opererte i Irak, og som retta angrep både mot internasjonale styrkar og sivile irakiske statsborgarar. Ifølgje rapporten var dei aller fleste av dei operative leiarane i gruppa ikkje irakarar. Same året vart al-Zarqawi drepen av amerikanske styrkar, og i tida etter dette «fusjonerte» al-Qaida i Irak saman med ei rekkje andre organisasjonar inn i ISIL (sjå neste avsnitt).

Gruppa vart etablert i dei tidlege åra av krigen i Irak og sverja truskap til al-Qaida i 2004. Gruppa var samansett og vart støtta av ei rekkje opprørsgrupper i Irak, inkludert forgjengerorganisasjonane Mujahideen Shura-rådet, al-Qaida i Irak, Jaysh al-Fatiheen, Jund al-Sahaba, Katbiyan Ansar Al-Tawhid wal Sunnah, Jeish al-Taiifa al-Mansoura, etc. og andre sunniislamske klanar. Ein trur at gruppa var operativ i 2007[2] etter då å ha absorbert forgjengarorganisasjonane.

Organisering og tilhøvet til An-Noṣrah-fronten og al-Qaida endre

Leiing endre

ISILs leiarar har vore:

  • Abu Musab al-Zarqawi (drepen i 2006)
  • Abu Ayyub al-Masri (drepen i 2010)
  • Abu Abdullah al-Rashid al-Baghdadi (drepen i 2010)
  • Abu Bakr al-Baghdadi[2][6] (drepen i 2019)

An-Noṣrah-fronten endre

ISIL i den noverande forma si oppstod då organisasjonen frå Irak slo seg saman med An-Noṣrah-fronten i Syria, sidan begge var tilknytt Al Qaida. Før dette opererte gruppene på kvar si side av den syrisk-irakiske-grensa. Al-Baghdadi kom etterkvart i konflikt med leiaren for Nusra-fronten, Abu Mohammed al-Jawlani, som var motstandar av samanslåinga av dei to organisasjonane.[7] Sistnemnde klaga dette inn for al-Qaida-leieren Ayman al-Zawahiri, som tok Jawlani si side i striden og annullerte samanslåinga mellom ISIL og An-Nosrah-fronten. Etter dette gjekk ISIL til direkte angrep på fronten for å jage dei ut av områda dei heldt i Syria, ein kamp ISIL vann klårt. Ifølgje rapportane skal ISIL i juni 2014 ha hatt kontroll på over 80 % av krigarane til An-Nosrah-fronten i Syria, og var dermed sterkt involvert i borgarkrigen i Syria. Her er ISIL vorte rekna som ein av dei største og viktigaste geriljagruppene som kjempar mot styrkane til president Bashar al-Assad.[5]

Den fiendtlege overtakinga av territoriet og personellet til An-Nosrah-fronten gjorde at al-Qaida sentralt kutta alle band til ISIL i februar 2014 etter ein åtte månader lang maktkamp. Dette er påfallande sidan ein av forgjengarorganisasjonane til ISIL nettopp var gruppa al-Qaida i Irak. Ifølgje rapportar tok no al-Qaida avstand frå gruppa - visstnok fordi dei meinte krigarane til ISIL dreiv overdriven valdsbruk.[8]

Tilhøve til sjiaislam og andre religionar endre

Ein annan vesentleg skilnad mellom al-Qaida og ISIL er strategien mot folk og regime som vedkjenner seg sjiaislam. Medan al-Qaida har hatt hovudfokus på vestlege mål (retorisk omtalt som «krossfararar og jødar»); å unngå splitting mellom sunni og sjia; og har hatt ein ikkje-åtakspakt med den mektigaste sjiamuslimske staten - Iran, har ISIL vorte kjend for det motsette: Total krigføring mot det dei reknar som sjia-styrkar i eit område som tabloid kan definerast som strekninga mellom Beirut og Bagdad. Etter alle amerikanske og andre vestlege styrkar trekte seg ut frå Irak i 2011 har dette vorte særs tydeleg:

  • I borgarkrigen i Syria kjemper ISIL mot Bashar al-Assad-regimet. Assad er alawitt, og regimet har vore ein alliert av Iran i mange tiår. Då Iran sende inn soldatar og den libanesiske sjiamilitsen Hizbollah for å kjempe på Assad si side, fekk borgarkrigen ein klår religiøs dimensjon.
  • I Irak har regjeringa sidan 2006 vore leia av sjiamuslimen Nouri al-Maliki, og landa er no ein offisielt alliert av Iran. Sunni-muslimane, som utgjer rundt 20 % av folkesetnaden i Irak, er vorten marginalisert i tilhøve til makta dei hadde tidlegare.

Begge stader er det eit offisielt mål for ISIL å styrte desse regima, og Iran med deira allierte i Hizbollah, al-Assad-regimet i Syria og den irakiske regjeringa er erklærte hovudfiendar. Det er hovudsakleg desse ISIL kjempar mot, då det ikkje finst vestlege styrkar i regionen ISIL definerer som «sin».

ISIL har òg gjennomført ei rekkje åtak på tilhengarar av andre religionar. Dette har råka tilhengarar av dei kristne kyrkjene i området, men i særleg grad yezidiane i Syria og Irak, som vert rekna som fråfalne, og difor vert rekna som legitime mål.[treng kjelde]

Krigføringa i 2014 endre

 
Området ISIL har kontrollen over er vist med raudt. Det mørkeguleområdet er område som ISIL gjer krav på. Figuren vert jamleg oppdatert.

Våren og sommaren 2014 flytta ISIL styrkane sine vekk frå Syria, og over til Irak.[2] Organisasjonen hevda å vere til stades i ei rekkje provinsar i Irak, og den sjølverklærte hovudstaden deira var tidlegare Baqubah like nord for Bagdad.[9][10][11][12] Vinteren 2014 tok organisasjonen kontroll over Fallujah, og deler av byen Ramadi.[5]

10. juni 2014 erobra styrkar frå ISIL den irakiske byen Mosul etter fleire dagar med samanhengande kampar.[5][6][13] Organisasjon erobra mellom anna den lokale flyplassen, offentlege kontor og to TV-kanalar, og slapp òg fri 1400 fangar frå lokale fengsel.[14] Gruppa erobra òg mengder med amerikansk produsert militært utstyr som pansra køyretøy og helikopter.[15] ISIL-styrkane plyndra sentralbanken i Mosul, og tok kontroll over så mykje som 500 milliardar irakiske dinarar, ca. 429 millionar amerikanske dollar.[16]

11. juni 2014 -dagen etter at Mosul vart erobra, vart det òg meldt om at soldatane til gruppa hadde kontroll over oljebyen Baiji, der det største oljeraffineriet i Irak ligg.[2] 11. juni 2014 erobra gruppa byen Tikrit.[17] To dagar seinare, 13. juni, vart det meldt at organisasjonen òg hadde erobra byane Jalawla og Saadiya.[18] 15. juni spreidde ISIL bilete via Twitter, som viste at organisasjonen hadde avretta 1700 irakiske soldatar dei hadde teke til fange.[19] Ein irakisk talsmann stadfesta hendinga, medan andre var i tvil om bileta er ekte.[19]

16. juni 2014 vart det kjent at ISIL hadde teke kontroll over byen Tal Afar.[20] 18. juni gjekk ISIL-styrkar til åtak på oljeraffineriet i byen Baiji, og hamna i kamp med irakiske vaktstyrkar.[21] 20. juni stadfesta amerikanske styresmakter at ISIL hadde teke kontroll over eit av Saddam Hussein sine gamle anlegg for produksjon av kjemiske våpen, ca. 70 kilometer nordvest for Bagdad.[22]

Finansiering endre

Det har vore uklart korleis ISIL har vore finansiert, men material som vart beslaglagt i Nord-Irak i juni 2014 kastar noko lys over dette. Det ser ut til at organisasjonen ikkje er avhengig av ekstern finansiering, men basar seg på inntekter frå oljesal, smugling, utpressing, ran og smugling av arkeologiske funn.[23][24] Ved erobringa av Mosul skal gruppa ha fått kontroll over store verdiar.[25]

Gruppa skal motta støtte frå ei rekkje privatpersonar i dei sunnimuslimske Gulfstatane.[26] I eit intervju[27] skulda Iraks sjiamuslimske statsminister Nouri al-Maliki i tillegg dei sunnimuslimske statane Saudi Arabia og Qatar for å støtte ISIL.[28][29]

Norsk tilknyting endre

I ein artikkel i Dagbladet 16. mai 2014, vart det påstått at omkring 70 nordmenn og personar med tilknyting til Noreg har kjempa mot Assad-regimet i Syria, og at fleire av desse kjempa i Den islamske staten Irak og Levanten.[30] I juni 2014 rekna Etterretningstenesta at rundt 50 personar har reist frå Noreg for å verte med i ISIL, og Politiets tryggingsteneste rekna at 40–50 norske statsborgarar er i Syria for å delta i borgarkrigen.[31]

Minst sju norske statsborgarar skal per april 2014, ha vorte drepne i kampar i Syria, som soldatar for ISIL.[32] Dei fleste har tilknyting til Nord-Afrika.[33]

27. mai 2014 vart tre personar pågripne i Noreg av Politiets tryggingsteneste, mistenkt for å tilhøyre ISIL.[34] Dei tre, med bakgrunn frå høvesvis Somalia og det tidlegare Jugoslavia, vart sikta på grunnlag av skjellig grunn til mistanke om brot på straffelova § 147d, om deltaking i — eller yting av støtte til - ein terrororganisasjon.[34]

Sjefen for Etterretningstenesta, generalløytnant Kjell Grandhagen uttalte 17. juni 2014 at «Me har nokre indikasjonar på at det kan vere nordmenn òg i Irak, som deltek i ISIL sine operasjonar der. Det er jo slik at grensa mellom Syria og Irak i dag er ikkje-eksisterande. Og me må rekne med at nordmenn òg kan brukast på irakiske område».[35]

Kjelder endre

  1. «Isis, Isil, IS or Daesh? One group, many names». BBC News. 24. juni 2014. Henta 26. desember 2022. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 (no) «- Byen falt som eit fy uten motor». Dagbladet. 20. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  3. The wall street journal: What is ISIS? 12.6.2014 - http://blogs.wsj.com/briefly/2014/06/12/islamic-state-of-iraq-and-al-sham-the-short-answer/
  4. Ishaan Tharoor: ISIS or ISIL? The debate over what to call Iraq’s terror group, The Washington Post 18.6.2014 - http://www.washingtonpost.com/blogs/worldviews/wp/2014/06/18/isis-or-isil-the-debate-over-what-to-call-iraqs-terror-group/
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 (no) [«Desperat kamp for å stanse ISIL i Nord-Irak». Dagbladet. 10. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  6. 6,0 6,1 (no) «– Soldatar skifte til sivil og stakk av frå Mosul». NRK. 20. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  7. (no) NRK.no - Abu Bakr al-Baghdadi – nådeløs kriger og dyktig strateg (11.06.2014)
  8. (no) Aftenposten.no - ISIL-leiaren blir utpekt som verdens mektigste jihadist (12.06.2014)
  9. (en) "Situation Called Dire in West Iraq". Washington Post, 2006-SEP-10.
  10. (en) "Anbar Picture Grows Clearer, and Bleaker". Washington Post, 2006-11-28
  11. (en) «Reporting under al-Qaida control - Blogging Baghdad: The Untold Story - MSNBC.com». Onthescene.msnbc.com. Arkivert frå originalen 12. oktober 2018. Henta 20. juni 2014. 
  12. (en) Engel, Richard (17. januar 2007). «Dangers of the Baghdad plan - World Blog - msnbc.com». Worldblog.msnbc.msn.com. Arkivert frå originalen 2. november 2007. Henta 20. juni 2014. 
  13. (no) «Opprørare har tatt kontroll over Mosul i Irak». VG. 10. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  14. (no) [«Irakisk by i hendene til opprørarene: slapp fri 1400 fanger». NRK. 10. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  15. (no) «ISIL skal ha kapret store mengder amerikansk-produserte våpen». NRK. 12. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  16. (no) «Vart verdens rikeste terrorgruppe over natten». TV2. 12. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  17. (no) «Irakisk politi: Islamister har tatt kontroll over Tikrit». VG. 20. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  18. (no) «ISIL har erobret nye områder nær Bagdad». NRK. 13. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  19. 19,0 19,1 (no) «ISIL hevdar dei har henrettet 1700 menneske». VG. 15. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  20. (no) «Arabiske ledere er «ekstremt bekymret» over situasjonen i Irak». NRK. 16. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  21. (no) «Drama i Irak: Angrep landets største oljeraffineriet». VG. 18. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  22. (no) «USA: Irakiske opprørarar erobret anlegg for kjemisk våpen». VG. 20. juni 2014. Henta 20. juni 2014. 
  23. (en) «How an arrest in Iraq revealed Isis's $2bn jihadist network». Guardian. 15. juni 2014. Henta 16. juni 2014. 
  24. Chulov, Martin (15. juni 2014). «Iraq arrest that exposed wealth and power of Isis jihadists». The Guardian. Henta 16. juni 2014. 
  25. Cato Husabø Fossen (12. mai 2014). «Irak-opprørerne vart «de rikeste» terroristene i verden over natten». VG. Henta 17. juni 2014. 
  26. "(en) Syria's top Islamist and jihadist groups". France 24.
  27. "(en) Saudi Arabia, Qatar fueling terrorism in Iraq: Maliki". PressTV. 8. mars 2014
  28. "(en) Iraqi PM Maliki says Saudi, Qatar openly funding violence in Anbar Arkivert 2015-09-24 ved Wayback Machine.". Reuters. 9. mars 2014
  29. "(en) Maliki: Saudi and Qatar at war against Iraq". Al Jazeera. March 9. mars 2014
  30. (no) «Her er bildene som dokumenterer at norske Syria-krigere kriger med noen av de farligste terroristane i verden». Dagbladet. 16. mai 2014. Henta 13. juni 2014. 
  31. Torunn Grymer: E-tenesta tror nordmenn kriger for ISIL i Irak, NRK, 17.6.2014 - http://www.nrk.no/verden/trur-nordmenn-krigar-i-irak-1.11782609
  32. (no) «To nordmenn drept i Syria - slåss sammen med ekstreme islamister». Dagbladet. 30. april 2014. Henta 13. juni 2014. 
  33. Morten Hopperstad, Audun Jahren og Shazia Sarwar: Seks norske islamister drept i Syria, 1.5.2014 - http://www.vg.no/nyheter/utenriks/syria/seks-norske-islamister-drepen-i-syria/a/10131020/
  34. 34,0 34,1 (no) «Tre terrorpågrepet i Noreg». Dagbladet. 27. mai 2014. Henta 20. juni 2014. 
  35. (no) «E-tenesta trur nordmenn krigar for ISIL i Irak». NRK. 17. juni 2014. Henta 17. juni 2014. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Den islamske staten
  • (no) NRK.no - Irak – en varslet katastrofe (14. juni 2014)
  • (no) Dagbladet.no - Hellige krigere, de skjulte alliansene og «den store satan» (14. juni 2014)
  • (en) BBC News - Profile: Islamic State in Iraq and the Levant (ISIS) (16. juni 2014)