I Believe (1953)

«I Believe» er ein popsong skriven av Ervin Drake, Irvin Graham, Jimmy Shirl og Al Stillman i 1953.

«I Believe»
Låtskrivar Ervin Drake
Irvin Graham
Jimmy Shirl
Al Stillman
Publisert 1953
Innspelt av Frankie Laine, Perry Como, Elvis Presley, Patti Labelle & The Bluebelles, The Bachelors, LeAnn Rimes

«I Believe» vart bestilt og introdusert av Jane FromanTV-programmet hennar, og vart den første hitsongen som vart introdusert på V. Froman var plaga av at Koreakrigen oppstod i 1952, så kort tid etter den andre verdskrigen, og bad Drake, Graham, Shirl og Stillman om å skrive ein song som kunne tilby folket håp og tru. I tillegg til Froman , har «I Believe» blitt spelt inn av mange andre artistar.

Frankie Laine-versjonen låg 18 veker på toppen av UK Singles Chart.[1] Laine fekk òg suksess med sin versjon i USA, der han låg tre veker på andreplassen.

InnspelingarEndra

Det er òg laga fleire instrumentale versjonar:

Songen er omsett i to versjonar på dansk. Den eine vart omsett av Helge Hampe, kalla «Tak for alt» og spelt inn av Gustav Winckler i 1953, og av Jes Halding som «Det er min tro» spelt inn av Otto Brandenburg i 1977. Ein versjon på fransk, kalla «Je crois en toi» av Jean Broussolle og spelt inn av Les compagnons de la chanson i 1956. Ein versjon på italiensk av Gian Carlo Testoni, kalla «Credo» vart spelt inn av Nada i 1970.

KjelderEndra

  1. Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 9. ISBN 0-85112-250-7.