I Can Dream, Can't I?
«I Can Dream, Can't I?» er ein tradisjonell popsong skriven av Sammy Fain med tekst av Irving Kahal. Songen vart publisert i 1938 for den mislukka musikalen Right This Way. Tommy Dorsey gav ut ei hitinnspeling av songen same året, men det var i etterkrigstida songen vart mest populær.
«I Can Dream, Can't I?» | |
Låtskrivar | Sammy Fain |
---|---|
Tekst av | Irving Kahal |
Publisert | 1938 |
Språk | engelsk |
Innspelt av | Tommy Dorsey, The Andrews Sisters, Cleo Laine, Toni Arden, Cass Elliot, The Carpenters |
Den mest kjende versjonen vart spelt inn av The Andrews Sisters og Gordon Jenkins' orchestra den 15. juli 1949, og gjeven ut på Decca Records. Han nådde først Billboard-lista den 16. september 1949, og nådde førsteplassen på alle dei tre poplistene på den tida (bestseljar i butikk, mest spelt på radio og mest spelt på jukeboksar).[1] Ein annan versjon vart spelt inn av Toni Arden med orkesteret til Hugo Winterhalter den 16. september 1949, og gjeve ut av Columbia Records. Denne versjonen nådde toppen av Cashbox-lista.
Ein versjon vart spelt inn av Alan Dean med orkesteret til Carroll Gibbons den 9. desember 1949 og gjeven ut på UK Columbia Records i Storbritannia. Ein versjon av Tune Twisters med Art Wranzer & his orchestra vart spelt inn mai 1950 for Artransa Records i Australia.
Skyliners spelte inn ein doo wop-versjon i 1958 med den kvinnelege vokalisten Janet Vogel.
Joni James spelte inn ein versjon i 1959 for albumet 100 Strings and Joni. Cass Elliot spelte inn songen i 1969 for albumet Bubblegum, Lemonade, and... Something for Mama. Songen vart spelt inn av The Carpenters i 1975 for albumet Horizon. Ein meir moderne versjon vart spelt inn i 2000 av Susannah McCorkle for Hearts and Minds. Annie Lennox spelte inn songen i 2014 for albumet Nostalgia.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «I Can Dream, Can't I?» frå Wikipedia på engelsk, den 8. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Whitburn, Joel (1973). Top Pop Records 1940-1955. Record Research.