I Idolize You
Singel av Ike & Tina Turner
frå albumet The Soul of Ike & Tina Turner
Utgjeve 1961
Innspelt 1960
Sjanger Soul, R&B, rock 'n' roll
Lengd 2:56
Selskap Sue Records
Låtskrivar(ar) Ike Turner
Produsent Ike Turner
Ike & Tina Turner-kronologi 
«I'm Jealous»
(1960)
I Idolize You «It's Gonna Work Out Fine»
(1961)


«I Idolize You» er ein soulbluessong skriven og produsert av Ike Turner og gjeven ut på singel av Ike & Tina Turner i 1961.

Oversyn endre

Etter år med mannlege frontmenn i bandet sitt Kings of Rhythm, hadde Ike Turner endeleg funne suksess etter Tina Turner (fødd Ann Bullock) spelte inn «A Fool in Love». Songen gjorde Tina Turner til ei lovande R&B-stjerne og Ike Turner ein produsent og låtskrivar med den største hitten sin sidan «Rocket 88» nesten eit tiår tidlegare. Etter at Sue Records signerte bandet til selskapet sitt, turnerte gruppa konstant og spelte inn musikk i turnépausane.

Ein annan singel kom ut etter «A Fool in Love», «I'm Jealous», men selde dårleg. Ike Turner skreiv så denne songen, som hadde visse likskapar med «A Fool in Love» med doo-wop korvokal av The Artettes (seinare kalla The Ikettes) og Tina Turner sin raspete stemme til ein liknande pianomelodi. Singelen kom ut tidleg i 1961 og gjorde dei til R&B-stjerner. Singelen nådde femteplassen på R&B-lista og 82. plassen på poplista i USA.[1]

Songen vart mykje spelt på konsertane til duoen dei neste åra. Duoen spelte han inn på nytt i 1965 for River Deep - Mountain High. Lizz Wright spelte inn songen i 2008 på albumet The Orchard.

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. Top R&B Singles 1942-1999 by Joel Whitburn