I Want You, I Need You, I Love You
I Want You, I Need You, I Love You av Elvis Presley | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 12. mai 1956 | |
Innspelt | 14. april 1956, RCA Studios, Nashville i Tennessee | |
Sjanger | Ballade | |
Lengd | 2:37 | |
Selskap | RCA Victor | |
Komponist | Ira Kosloff, Maurice Mysels | |
Tekstforfattar | Ira Kosloff, Maurice Mysels | |
Låtskrivar(ar) | Maurice Mysels, Ira Kosloff | |
Produsent | Steve Sholes | |
Elvis Presley-kronologi | ||
«Heartbreak Hotel»
(1956) |
I Want You, I Need You, I Love You | «Don't Be Cruel» / «Hound Dog»
(1956) |
«I Want You, I Need You, I Love You» er ein popsong skriven av Maurice Mysels og Ira Kosloff.[1] Han er mest kjend som den sjuande singelen til Elvis Presley for RCA.[1] Denne vart gjeven ut i mai 1956, og vart den andre singelen til Presley som nådde toppen av country-lista og tredjeplassen på Billboard Top 100-lista.[1]
Innspeling Endra
I april 1956 rapporterte Variety Magazine at den sjette singelen til Presley for RCA Victor, «Heartbreak Hotel», hadde selt ein million eksemplar.[2] RCA Victor-produsenten Steve Sholes ønskte ein sterk singel for neste utgjeving, men det var ikkje så mange innspelingar att.[2] Sidan Presley var oppteken på ein turné, ønskte Sholes han attende i studio så snart som mogeleg. Presley og bandet hans bestilte eit lite propellfly til Nashville for ein innspelingsdag mellom konsertane.[2]
På veg frå Amarillo fekk flyet motorproblem og fall kraftig fleire gonger.[2] Då dei kom til Nashville morgonen 14. april var alle fire stressa.[2] Presley kom til studio utan nye idear og måtte derfor bruke eit av forslaga til Sholes, som var «I Want You, I Need You, I Love You».[2] Innspelinga gjekk ikkje bra på grunn av opplevinga tidlegare på dagen, og dei prøvde 17 opptak i løpet av tre timar, utan eit forsøk som sat.[2] Sholes valde å sende Presley og bandet heim.
Etter innspelinga lytta Sholes på opptaka igjen. Han var ikkje nøgd med resultatet av det han meinte var ei uprofesjonell og mislukka innspeling.[3] Det hadde kosta 1000 dollar å fly Presley og bandet inn, og Sholes let manageren til Presley, Colonel Tom Parker, få vite at han var misnøgd og ønskte ei ny innspeling så snart som mogeleg.[3] Han visste at Presley var travel og at det kunne ta månader før RCA Victor fekk han attende i studio. Han gjorde derfor noko uvanleg og som oftast vart mislukka i 1950-åra. Sholes tok delar av to opptak han likte (opptak 14 og 17), kutta dei og limte dei saman til eit opptak han likte.[1] Redigeringa hans var så saumlaus at ingen kunne sei at det var frå to forskjellige opptak.
Mottaking Endra
«I Want You, I Need You, I Love You» vart gjeven ut med «My Baby Left Me» på B-sida og kom ut 4. mai 1956.[4] Førehandssalet på over 300 000 var det største i historia fofr selskapet. Då songen kom ut hadde Presley tre songar i Topp 20: «Heartbreak Hotel/I Was the One,» «My Baby Left Me» og «I Want You, I Need You, I Love You». Den 5. juni 1956 framførte Presley songen på The Milton Berle Show, i tillegg til ein tidleg versjon av «Hound Dog»[4] som førte til hysteri i publikum..[4]
Singelen gjorde det godt og nådde tredjeplassen på Billboard Top 100 og toppen av countrylista.[1] Presley fekk den andre gullplata si for singelen med eit sal på over 1,3 millionar eksemplar.[1]
Påverknad Endra
Songen var inspirasjonen til Meat Loaf-songen «Two Out of Three Ain't Bad». Songen er framleis populære og vert nytta som kjkenningsmelodi for mange organisasjonar.
Andre versjonar Endra
Jazzfusion/rockegitarist Robby Krieger spelte ein instrumentversjon av songen i 1989 på soloalbumet No Habla.
Kjelder Endra
- Denne artikkelen bygger på «I Want You, I Need You, I Love You» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: